Taren ryddar etter Inga

19 stykke av dei aller tøffaste  ungdommane på Værlandet og i Bulandet ofra ein heil dag av den dyrebare vinterferien sin for å rydde i Sørværet.

Dette er ein del av eit "verneplikt"- prosjekt som går inn i Naturbruksprosjektet som Værlandet er med på. Ungdommane ryddar i fjørene i Sørværet Naturreservat mot at dei får pengar til kjøp av utstyr til ungdomsklubben Taren.

Denne dagen rakk vi ikkje å rydde heile den sokalla "indikatorfjøra" vår ein gong. Ei vanvittig mengde søppel hadde samla seg. Då vi var der sist, tidleg i november i fjor, rydda vi fjøra slik at den var heilt rein. Stormfloa som var den 12. januar har tatt med seg gammalt søppel som har lege på land og flytta rundt på det.

Det var veldig mykje rekved og gammal plast å finne denne gongen. Mykje tau og trålposar fann vi òg.

Midt på dagen tok vi oss tid til ein liten pause. Då steikte vi pølser på bål.

Taren rydder i Sørveret 002.jpg (825572 byte) Taren rydder i Sørveret 005.jpg (633163 byte) Taren rydder i Sørveret 014.jpg (539718 byte) taren7.jpg (57975 byte)
Taren rydder i Sørveret 016.jpg (460841 byte) Taren rydder i Sørveret 020.jpg (627099 byte) Taren rydder i Sørveret 008.jpg (207334 byte) taren8.jpg (64363 byte)

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Test