Svartenaustet er vekke - ein epoke er over.
Det legendariske svartenaustet i Landøyna er no historie. Tysdag vart det brent. Dei fleste som har vakse opp i Landøyna har vel ganske sterke minne i frå opplevingar i dette naustet. Vi hadde vel ikkje lov å vere der, men her vart det herja, leika gøyme og leite, studert anatomi og røykt ein del opp i gjennom åra. Nokre har vel også overnatta her frå tid til annan, når turen heim til ho mor føltest uoverkommeleg.
Opprinneleg vart naustet bygd som eit felles naust for folk i Landøyna, Kalvøyna og Myrvågen. Her hadde dei sildenøter og doriar og lettbåtar. Naustet var i grunnen ikkje brukande til å oppbevare sildenøter i. Ein gong det var mykje sild inn med Alden, for karane ut att for å hente ei større not. Denne fekk dei ikkje tak i for det var for stor fjære til at dei flaut opp med båten.
Takk til Astri for dei fire siste bileta her.