Tilstades: Linda Landøy, Signe Marie Landøy, Audun Oddekalv og Astri Thorsen Landøy
· Brev frå Olve Grotle ang.grensejustering ved sjøbua til Peder Hansen. Han foreslår ei minneleg ordning mellom Værlandet Vel og Stiftelsen. Skøyte på gnr.60bnr.78 vert send. Audun tek ansvar for å få tak i dei nødvendige skjema som skal inn til kommunen.
· Værlandet vel fekk kr. 2500,- frå kultur og næringsutvalet til gammaldansgruppa. Her burde vi ha søkt frå ungdomslaga i Bulandet og Værlandet.
· Strategisk næringsplan, merknader og innspel ynskjer kultur og næringsutvalet. Frist 15.sept.
· Brev frå Fylkesbaataane ang. utskifting av ferjemateriell.
· Invitasjon til bygdesamling i Oppstryn 30.sept. Turisme i bygdene er tema. Påmeldingsfrist 15.sept.
· Mail frå Per Arne Tveit ang. nytt etableringskurs. Linda heng oppslag på butikken.
· Søknad om spelemidlar til idretts og nærmiljøanlegg. Frist 15.sept.
· Melding om oppstart av arbeid med privat reguleringsplan for Brimmen Quarry.
· Rekning frå Ekotrykk ang. trykking av foldaren om Sørveret natursti.
Sak 2) Evaluering Nordsjøporthelga.
Styret seier seg godt nøgde, vi vil prøve å ha eit lite budsjett i forkant av neste arrangement. Trafikkstyring og skilting gjekk svært bra.
Opninga av museet kunne med fordel ha vore om ettermiddagen laurdagen. Værlandet Fiskeredskaper kan stille med lokale ved seinare arrangement, men ikkje ta på seg tilretteleggingsansvaret, det går ut over den daglege drifta. All annonsering må ha Nordsjøportlogoen
Sak 3) Lokal agenda midlar.
Søknadsfrist 15.september. Vi søker om midlar og har fokus på det biologiske mangfaldet og smikkeproblematikken. Linda skriv søknaden og Astri tek bilete.
Sak 4) Lønn til diverse arbeid i og rundt gamleskulen.
Styret håper på
betre høve til å kunne lønne folk, men førebels må alt arbeid framleis vere
dugnad.
Sak 5) Skottlandssamarbeidet.
Linda, Gry og
Anne Britt er snart på reisefot. Tema er formidling til turistane –
interpretasjon (håper dette er
riktig stava!)
Totalt reiser 14 frå fylket og skottane kjem hit seinare i haust.
Sak 6) Museet
Samde om at vi
ikkje kan ha fast opningstid, men interesserte kan ta kontakt på ein
vakttelefon. Vi lagar
oppslag som skal henge på museumsdøra og på butikken.
Sak 7) Endring av styresamansetning
Signe Marie er
dessverre på flyttefot. Det fører til at Audun som første vara vert fast
medlem og vidare
opprykk på varamannslista.
Sak 8) Brannberedskapen
Værlandet Vel sender
skriv til teknisk etat og tilbyr kaihuset på ferjekaia som mellombels
lagringsplass for
pumpa gitt av Sivilforsvaret. Stiftelsen Alvhilds minne til
Værlandets Vel vil gi tomt til branngarasje ved
gamleskulen dersom det er
aktuelt for kommunen.
Sak 9) Eventuelt
· Ferjeproblematikken Linda sender svarbrev til Fylkesbaataane ang. Fjalir.
· Vi må få rydda gardstaurane som ligg i Vaulemyra.
· Søpla i Sørveret må hentast.
· Værlandet Vel er arrangør av bokkafé med Grete Haagenrud torsdag 7/9, og må søkje kultur og næringsutvalet om tilskot. Gry tar seg av alt det praktiske på Verkstaden.
Møte slutt kl. 21.30. Linda takka Signe Marie for innsatsen.
Ref.: Astri