Styremøte i Værlandet Vel

 

 

 

Stad: Gamleskulen

 

Tid: Måndag den 16.01.06 klokka 19.00

 

 

 

Tilstades:

 

Roar Landøy

Per Vidar Nybø

Signe Marie Landøy

Astri Thorsen Landøy

Audun Oddekalv

Linda Landøy

 

 

 

SAKER

 

  1. Brev og meldingar

 

Astri refererte brev frå advokat Grotle om overtaking av sjøhuset til Per Hansen m.m. OBS: tilbygget til bua har bruksnr. 78 og resten av bua har bruksnr 3.  Vi bør få eit eige bruksnummer på den gamle delen av bua, slik at ikkje denne delen ”fylgjer med” når resten av eigedomen vert seld.

 

Forsikring: Gjensidige. Værlandet Vel overtek forsikringa av bua. Vi får ei lagsforsikring.

 

  1. Nordsjøporthelga 

 

Gry har henta permen hos Anne Britt og ho og Audun er i full sving med å skaffe deltakarar til marknaden.

 

Audun har snakka med Ove Nesberg for å finne ut kva det vil koste å gruse området nord for garnmonteringa.

 

 

 

3.   Museum

 

Gry og Audun har dette gode forslaget: 

 

Opningsseremoni/markering av overtakinga av museet/bua til Per Hansen ein halv time før marknaden startar.  Slik får vi merksemd og blest om museet.

 

Vi bør spørje Askvoll sogenemnd om dei vil ha stand i bua denne dagen. Der kan dei selge sogeskrift og andre bøker.

 

Elles:

 

Vi bør ha souvenirar som vi kan selge i museet. Dei bør vere relaterte til miljøet.

 

Vi skal møtast i museet laurdag den 28. januar  klokka 10.00, vi inviterer alle som vil vere med å hjelpe til. Linda lagar oppslag.

 

 

           

  1. Stiftelsen

 

Kan stiftelsen finansiere parkeringsplass på vestre sida av vegen med gravplassen?

 

Det bør også tenkjast på om det skal lagast parkeringsplass på marka på austsida av Bedehuset på stiftelsen si rekning.

           

  1. Årsmøtet

 

Vi kan ha årsmøte sundag den 12.  februar klokka 16.30 i Gamleskulen. Saker må vere styret i hende før 29. januar 2006.

 

 

 

 

  1. Anna:

 

Per Vidar vil gjerne vere fri frå verv i Værlandet Vel for ein periode.

 

 

 

Møtet slutt klokka 20.20

 

Linda Landøy

- ref