Soga om det store rakåret !

 

Året  1978, etter vinterjevndøger, var det mykje storm og ufyseleg veir.

og endå folk blota rikeleg til havguden Njord, tyktest han å vera like vreid og ville ikkje blidkast.

Dei mest vetuge mennene drog difor skipa sine godt opp på lunnane,og heldt seg heime og sysla heller med reiskap, møyer og våpen.

Men sume for likevel ut på havet i vetløysa. Soleis og eit skip frå Gardariket, lasta med trevyrkje.

Det må ha bore so til at når dette skipet siglde forbi vest for Vidar, har Havguden i vreide knust det, slik at alt trevyrkje flaut ut over havet.

For aldri har so mykje rak stranda på Vidar, og skipet vart heller aldri meir spurd.

Då bodstikka gjekk om denne åtbersla, vart det glede og heppe i heimane på Vidar.

Fleire som hadde lege på sotteseng i årevis, reiste seg or halmen,

og for på strandi.

Soga seier at endåtil Gamle- Gorm, som ikkje hadde reist seg or sengja på fleire vetrar, skaut hælane og nakken under seg, som om han ville freista reisa opp, medan han let or seg.

Trælen til Gorm, som sat ved stolpen, såg på dette og sa: "Alle eldar brenner ut om sider."

Mange tok husfrøyene og trælane med seg, og for på strandi.

Men det må seiast at då Svegde frå Flatjord fekk bodstikka, let han vera å gå over til frenden sin med henne. For han tenkte med seg sjølv:

"Frende er frende verst". Men då  han hadde samla uhorveleg mykje til seg  sjølv, og ikkje var god til meir, let han likevel bodstikka ifrå seg.

Dette tykte alle lite om.

Soleis var det då mange som ikkje fekk bodstikka om raket før i kveldingi.

I ilske over at dei ikkje hadde fått bod om dette før, for dei ut i myrkret for å taka til seg av lausgodset.

Det vart fortalt at gudane Njord og Tor var so vreide den notti, at dei husfrøyene som sat att heime einsame, vart fulle av otte. Dei remja og bar seg og trudde Ragnarok var nær.

Lurolf og Oddbrok var so ihuga på rak, at dei mælte ikkje eit  ord seg imellom heile notti. Ikkje før ein av mennene frå øyane lenger ute i vest freista å draga til seg or ståpulen deira. Dette tykte dei var so svivyrdsleg gjort, at dei mælte ord som dei aldri hadde mælt før.

Loddgeir Berserk, som i kveldingi hadde greidd å samle seg oveleg mykje på ein stad, kom i otta før hanen gol, og skulle sette bumerket sitt på ståpulen sin. Han fann då berre att ei fjøl. Han vart då so vonbråten at han sette seg på fjøla og spydde.

Dei som hadde fleire trælar, sette desse til å vakte godset som dei etter kvart samla til seg i vikane og holmane. Det vart fortalt at trælane fraus mykje.

Trælen til Brynjulf sat på ein ståpul i Sylvøybotn heile notti. Då dagen grydde kvad han so det høyrdest like i Olaneset:

"Kaldt det kulsnar om kne. Aldri har eg frose so mykje, Gjev eg aldri var fødd".

I grålysninga vart dei var at det var uhorveleg mykje rak på Skratteskjer. Fleire hadde freista få tak i dette, og mange var so ihuga at dei mest let livet.  Då Ormfrid såg dette, heiv hå årane i frå seg og bygste handlaust på skjeret. Mennene som såg dette vart fulle av ovund og age.

Ingen veit om det var nokon som tok til våpen, eller kivast. men det bar so til for Hogne den strevsame som hadde slite rak frå sørsida til nordsida på ein holme der han skulle hente det med skipet sitt. Endå han bar heile notti, tyktest ikkje ståpulen  å veksa mykje. I siste venda vart han var ein som drog til seg or ståpulen hans. Han vart då so arg at han fekk feber og lagdest.

Kor menge som vart liggjande til sengs etter denne åtbersla i Sørveret er ikkje fortalt, men seidemennene hadde arbeid i lange tider med å lækja sår og skråmer, og mange kom seg ikkje meir.

 

Denne historia skreiv eg til 17-mai festen same året dette skjedde i 1978.