Invitasjon
Kjære bygdefolk!
Siste veka i januar (veke 5) kjem det folk frå Skottland, Shetland og Sogn til Værlandet. Her skal det vere eit kurs som heiter ”Tourism and Interpretation” i regi av partnarskapsavtala som Fylkeskommunen har med the Highlands og Shetland. Føremålet med kurset er å lære seg triks om korleis ein betre kan formidle ulike attraksjonar til turistar.
Kurset vil i hovudsak føregå på engelsk og det er svært hyggeleg om lokale representantar vil vere med på heile eller delar av kurset. Sjå kursplan under.
Om du/de ynskjer å ete lunch/middag saman med oss, så gje beskjed til Erna eit par dagar før, slik at ho får berekna nok mat. Maten lyt de betale sjølv.
Kvar kveld blir det uformelle arrangement, og vi håpar at mange har lyst å vere med på eit eller fleire av dei:
Tysdag 30. januar:
Kl 1930 – 2230: Ope hus i Temaparken
Onsdag 31. januar:
Kl 2100: Pub på Værlandet Båt. Der vil Gry & co prøve å lage til Up Helly Aa-fire (shetlansk nyttårstradisjon med bålbrenning)
Torsdag 1. februar:
Kl 1900 - 2200:Ope hus i Værlandet Gamleskule. Her vil kursdeltakarane vise fram kva dei har arbeidd med i løpet av veka.
Har de spørsmål, så snakk med Gry, Linda eller Anne Britt
Velkomne!