Referat frå styremøte i Værlandet Vel og Bulandet Grendalag

 

Tid og stad: Værlandet Bygdehus, 18.10.04  kl 20:00 – 22:00

 

Desse møtte:

Værlandet Vel:Astri Landøy, Laila Kråkenes, Per Vidar Nybø, Roar Landøy, Signe Marie Landøy

 

Bulandet Grendalag: Heidi Kjæmpenes, Randi Fedøy, Randi Torvanger, Reidun Norheim, Frida Melvær

 

Sak 1

Innsamling til hjertestartar stasjonert i Værlandet (utekontoret): Det er til no kommen inn kr 2750,- til denne. Ikkje så mykje, men vi kjenner til fleire som har sagt at dei vil komme med eit bidrag. Det som er igjen av bygdeutviklingsmidlane er overført til grendalaga. Desse pengane ynskjer grendalaga skal gå til hjertestartaren.

 

Sak 2

Førebuing til det årlege møtet med kommunen (vert tysdag 19.10)

-         Innspel til ruteplanarbeidet, ferge og buss

-         Kaia i Alden

 

Sak 3

Kurt Rutledal har skrive og sendt eit fellesskriv til Statens Vegvesen ang. vegstandard/utkøyringar frå eigedomar. Brevet vart lest opp.

 

Sak 4

Toalett på fergekaia. Vi har fått brev frå Statens Vegvesen om at dei ikkje ser behov for toalett på fergekaia. Laila Kråkenes har sendt nytt brev der det er skrive om den store auka i trafikken vi har hatt dette året, og ber Statens Vegvesen vurdere behovet på nytt.

 

Sak 5

Førebuing til åpninga av nordsjøløypa 4.november. Miljøvernministeren kjem. Styret får ei kort orientering om programmet for dagen.

 

Sak 6

Atløy Vel inviterer til møte 17.november -04: Finansiering av Atløysambandet. Kva konsekvenser ville det få for Værlandet og Bulandet? Møreforskning orienterer om dei tala som ligg til grunn (og som dei har kvalitetssikra), og bruken av fergeavløysingsmidlar.

 

Sak 7

Mobildekningen på Værlandet og Bulandet: Saka vert tatt opp med kommunen.

 

Sak 8

Bygdeprisen: Gratulerer! Bulandet og Værlandet vant! Vi får tildelt kr 25 000,-. Astri Landøy og Heidi Kjæmpenes reiser til Flåm for å ta imot prisen.

 

 

Ref.:  Laila M. Kråkenes