Private leikar, kosedyr, smokk

 

Barna har dessverre ikkje lov til å ta med eigne leikar til barnehagen. Dersom nokon av barna skulle finne på å ”smugle” med seg ein leike, vert denne sendt heim med foreldra. Dersom det vert oppdaga etter at foreldra er gått, vert leiken lagt på kontoret til styrar, for så å bli lagt i hylla når det nærmar seg henting.

 

Barn som er på tilvenning, eller som søv i barnehagen, får sjølvsagt ha med ei dukke eller eit kosedyr, evt andre ting (for eksempel mammas/pappas genser) som kan gjere oppstarten/ettermiddagsluren til ei god tid. Barn som brukar smokk får sjølvsagt ha denne med. Det er opp til de som foreldre kor mykje barnet skal få lov til å ha smokk og kosedyr/teppe/klut utanom sovetida. På dette område ynskjer vi å tilpasse dette etter kva behov barnet har, og kva de som foreldre tykkjer er fornuftig for barnet. Nokre barn bruker lengre tid enn andre på å bli trygg, og då kan det vere godt å ha smokken og kosedyret/teppet/kluten.

 

Attende