ASKVOLL KOMMUNE

OPPTAKSREGLAR – BARNEHAGEOPPTAK


Forutan å ta omsyn til stabilitet i barnegruppene, alderssamansetjing og kjønn, skal følgjande prioriterte opptaksreglar leggjast til grunn:

  1. Barn med fysisk eller psykisk funksjonshemming.

  1. Barn frå familiar der barnehageplass i særleg grad må sjåast på som eit førebyggjande tiltak (som økonomiske, sosiale og pedagogiske årsaker, sjukdom i heimen, framandspråklege barn og barn med dårlege bu. og leiketilhøve).

Skriftleg dokumentasjon må leggjast ved søknaden.

3. 5-åringar.

4. Dei som har plass i barnehagen frå før og ynskjer endring i tilbodet.

5. Barn med einsleg forsørgjar der forsørgjaren er i arbeid eller under utdanning.

6. Prioritering etter alder (dei eldste går før dei yngste).

Regelen vert også nytta ved prioritering innan regel 1 –5, og ved opptak seinare i

året.

Kommentarar: Prioritering etter alder vert nytta ved prioritering innan dei ulike reglane. I tillegg vert søknadene vurdert slik:

1. Barn som er fylt 3 år innan 1. august.

2. Barn som fyller 3 år om hausten.

3. Barn som er fylt 2 år innan 1. august.

4. Barn som fyller 2 år om hausten.

5. Barn som er fylt 1 år innan 1. august.

6. Barn som fyller 1 år om hausten.

Ved suppleringsopptak i løpet av barnehageåret skal først søkjarar på ventelistene tilbydast plass i samsvar med dei fastsette opptakskriterie. Deretter skal nye søknader vurderast.

Kommentarar:

  1. Tilflytting:

Barn frå eigen kommune skal prioriterast først. Dette gjeld ikkje barn som skal flytte til kommunen, men familien må vere flytta til kommunen innan 2 mnd. frå den dato tildelinga gjeld frå.

            Fråflytting:

Grunnlaget for tildeling av barnehageplass fell bort dersom barnet flyttar frå kommunen før den dato tildelinga gjeld frå. Dersom barnet har nytta seg av det tildelte tilbodet, gjeld tildelinga ut barnehageåret sjølv om barnet flyttar frå kommunen.

  1. Aldersgrense:

Dersom det ligg føre funksjonshemming eller ved andre særskilde høve, kan regel nr. 6 sine kommentarar fråvikast.

  1. Plass i fleire barnehagar:

Barn kan få tildelt plass i fleire barnehagar. Hovudregelen er at barn berre kan nytte plass i ein barnehage, med mindre det etter at barnehageopptaket er avslutta er ledig plass(ar) i barnehagen(ane).

Revidert februar 2007