Koseleg sundagsmiddag i Engelbua
Museumsnemnda i Værlandet Vel arrangerte museumsdag med middag og musikk i Engelbua i dag. Omlag 50 menneske møtte opp for å få seg rykande varm lapskaus og natronkaker og kaffi attepå. Familiekoret stod for underhaldninga. Det kom inn 3135 kroner netto. Pengane går til den daglege drifta av museet. TAKK TIL ALLE SOM STØTTA OSS!