Merking av klede

 

Hugs å merke dei kleda barna får med seg til barnehagen, så slepp de at kler forsvinn eller hamnar i feil hylle. I garderoben finn de skjema for bestilling av ulike typar merking. Vi har også tusjar i garderoben (i vinduskarmane) til merking av klede. Eit par gongar i løpet av året vert det ”annonsert” i garderoben når vi legg fram dei kleda som vi ikkje kjenner eigaren av.

 

 

 

Klebyte

 

Det er alltid lurt å ha ein del ekstra kler i barnehagen. Barna kan verte våte når dei er ute, eller kanskje nokon er uheldig ved matbordet. Vi har fordelt hyller og korger slik: Dei som har 3 hyller har oftast ikkje korg (Dersom vi har plass og korger til overs kan det hende dei får ei lita korg). Dei minste har gjerne 2 hyller + korg. Ta jevnlig ein titt oppi korger og hyller, slik at de veit kva som ligg der. Bruk for eksempel fredagen til rydding i hyller og korger.

 

Til hjelp får de her ei liste over kor mykje ekstra kler det kan vere lurt å ha i korger/hyller i barnehagen:

-       tjukk genser

-       college genser

-       2 bukser (treningsbukser ein fordel)

-       strømpebukse/stilongs

-       2 truser

-       2 par sokker

-       2 par tjukkelabber

 

og når kulda kjem er det godt med eit ekstra sett av dette (dersom de har ekstra sjølvsagt):

-       2 par votter

-       sjal/hals

-       hue

vi brukar å gje beskjed når vi ser at barna har behov for vinterkleda.

 

Vi har eit tørkeskap, men det er begrensa kor fort vi klarer å tørke noko i det då det ofte er store mengder kler som er våte. Det er kun ytterklede som vert tørka i tørkeskapet, meir har vi oftast ikkje plass til. Spesielt godt er det med ekstra vottar. Dei vottane som vart brukt på formiddagen, klarer vi sjeldan å få tørre til vi skal ut på ettermiddagen.

 

Attende