"Megger i Motvind" i medvind
Den 15. og 16. juni var fem megger på naturbrukskonferanse i Jostedalen. Konferansen som vart arrangert av Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, var svært interessant og nyttig. Vårt innlegg vart teke vel i mot og vi fekk mykje skryt for arbeidet som vert gjort her ute. Vi fekk òg lovnad frå Fylkesmannen si miljøvernavdeling om at dei vil ta tak i søppelproblematikken i Sørværet. Vidare fekk vi kontakt med generalsekretæren i Den Norske Turistforening og ho sa at ho ville prøve å få til turar ut her. Gry fekk sett fokus på sjøfuglsenteret og knytt nyttige kontaktar i den samanheng.
Vi budde på Jostedalen hotell og der fekk vi førsteklasses oppvarting. Dei heimelaga kjøtkakene av eigenprodusert angus gjorde verkeleg inntrykk! Vi snakkar om dei endå!
I tillegg til å delta på konferansen, var vi med på tur til Nigardsbreen og på bedriftsbesøk til BioNordic.
Her ser de tre av sjefsmeggene framfor Nigardsbreen. Etter at vi hadde vore der trekte breen seg attende med omlag hundre meter ( det vatnet de ser, kom på den stunda vi var der ).
"Megger under bre". Astri og Linda.
Vi var på bedriftsbesøk og skulle studere pelletsomnane som dei lagar på BioNordic. Omnane var fine dei, men vi såg oss meir món i gynekologstolane som også vart laga der. Ein slik ein på utekontoret på Værlandet hadde nok sett fart i fødselstala. Ordføraren i Lom som de kan sjå til høgre i biletet, var òg på jakt etter ein slik stol, men då han fekk vite at prisen låg på omlag 200 000 kroner, fann han ut at han heller fekk kjøpe seg ein traktor.
Her ser de ei perfekt utnytting av synergieffekt mellom forvaltning og kultur. Til høgre ser de Roar Werner Vangsnes som syng og til venstre Tom Dybwad som syng og spelar på ein bitteliten gitar. ( Dei song kvar sin song, altso )
Vi hadde tidleg lagt oss på ei proaktiv linje når det gjaldt alkoholkonsum. Seinare på kvelden vart vi inviterte opp i tredje etasje for å smake på nokre lokale, småskala nisjeprodukt som deltakarane frå Vest -Agder hadde med seg. Vi fekk nyte ein svært kreativ og original "rødbedevin" frå Knaben. Eit råd til vinmakarane: Litt meir rips, mykje mindre raudbetar...
Det kjem fleire bilete seinare...
No er det seinare og her er nokre av bileta som ho Erna tok:
Etter presentasjonen fekk vi kvar vår gåve, eit smykke forma som ei rype laga
av Kjellrun Elvekrok
Bresenteret i Jostedalenn