NY DRIFT I SKULEHUSET PÅ VÆRLANDET

 

På same tid som det vart bestemt at Bulandet og Værlandet skulle knytast saman med vegar og bruer, vart det bestemt at skulen på Værlandet skulle leggast ned og elevane flyttast til Bulandet skule. Bygdefolket på Værlandet vart då redde for at skulehuset på Værlandet skulle verte ståande tomt, og at dei ville miste den samlingsplassen det alltid hadde vore for dei.

 

Etter “Framtidsverkstaden”, som Naturbruksprosjektet arrangerte hausten 2002, var vi nokre driftige damer* som ville ta tak i dette. So då skulen vart nedlagt sommaren 2004, fekk Værlandet Vel, ved oss damene, disponere delar av huset og starta opp eit enkelt overnattingstilbod f.o.m juli same året. I løpet av ein veldig kort sesong, med minimal aktiv marknadsføring, hadde vi heile 200 overnattingsdøgn.

 

Velforeninga ser det som veldig viktig av huset framleis kan fungere som eit “bygdehus” i tillegg til å vere ein overnattingsstad. Vi har planar om at det skal vere eit allaktivitetshus, som i tillegg til overnatting kan brukast til  positive aktivitetar for bygdefolk. Hausten 2004 flytta Kulturskulen inn, Værlandet Brass har øvingane sine der, Velforeninga har planar om kontor og utstilling av ting frå skuletida. Vi ser òg at vi kan vere ein samarbeidspartnar ved andre lag/org. sine ulike aktivitetar. Dette kan vere matservering ved ulike idrettsarrangement., 17.mai, Nordsjøporthelga m.m. Huset kan òg leigast ut til mindre selskap og møter.

 

Vi som har jobba med dette “prosjektet” har fått mykje ros og støtte for det vi driv med. Folk har “donert” div. møblar som dei har skifta ut heime. Dette har vore midt i blinken for den enkle standarden som vi har, og vi nyttar høvet til å sei tusen takk for desse tinga!

 

* Elin Blom Vesterås,Janne Ytterøy, Erna Nekkøy,

Laila Blom og Linda Landøy.

 

Attende