Namnekonkurranse!

Vi treng eit nytt og fengande namn på overnattinga i Gamleskulen på Værlandet. Grunnen til dette er at namnet "Gamleskulen overnatting" får nokre folk til å tru at det er ein skule som er i bruk og at dei må sove i klasseromma.

Namnet må sei noko om:

*  at folk kan sove der (men ikkje få dei til å tru at det er eit hotell med matservering)
* kvar overnattinga er lokalisert
 

Namnet må vere eintydig og det må vere lett å hugse, gjerne humoristisk.

 

Dei som vil sende inn bidrag må vere over 18 år, sidan premien for det beste forslaget er at du får delta på den eksklusive romjulsfesten vår.

Fristen for å sende inn forslag er opponde jul.

Her er mitt forslag (NB: anonyme og useriøse forslag vert henviste til evig kvile i AntiSpam'en, og den kvinnelege heimesideskrivaren sensurerer med hard hand)

Her er oversikt over dei innkomne forslaga.