Forseinka jonsokfeiring i parken med Bygstad skule- og hornmusikk

Nær 40 bygstadianarar har funne vegen til gamleskulen og gledde oss med sin fine musikk i parken på Værlandet.

Sjølv om vêret ikkje var det beste og smikka herja på sitt mest intense, vart det ein ganske koseleg seanse laurdag (25/6) ettermiddag.

       

Mykjefolk hadde møtt opp i parken for å høyre på konserten til Bygstad skule - og hornmusikk. Folk hadde tatt med grillmat og var klare til å kose seg. Dessverre var smikka ute i same ærend...

   

Musikantane og grillmeistrane gjorde ein tapper innsats i dei til dels svært vanskelege naturtilhøva som rådde i parken i ettermiddag