Her blir viktig informasjon om det enkelte barn utveksla. Barnehagen har eit skjema som vi leverer ut til foreldra før foreldresamtalen. Dette skjemaet inneheld stikkord som vert utgangspunkt for denne samtala. Oftast vert berre få av punkta på dette skjemaet omtalt i løpet av samtalen. De vel sjølv om de vil notere nokre ord på dette arket før de kjem.
Skulle det vere noko anna de heller har lyst til å snakke om på denne foreldresamtalen, så er det berre å sei ifrå. Det er viktig at de som foreldre føler at de har eit godt utbytte av denne samtalen.
Gje barnehagen beskjed dersom barnet ditt har noko form for allergi, sjukdom eller anna som barnehagen bør ta hensyn til.