Den daglige kontakta mellom personalet og forelda ved bringing og henting. Håpar at de har tid til å veksle eit par ord med personalet når de kjem, eller når de hentar barna. Kanskje har det hendt noko spesielt i løpet av dagen som personalet vil informere om?
Dersom det er andre enn dykk sjølve som skal bringe eller hente barnet; gje oss beskjed. Kort tid etter at barnehagen har starta opp vil vi ta kontakt med dei av dykk som får nye barn i barnehagen, slik at dei av foreldra som ynskjer det får laga til ei liste over kven de som foreldre tillet å hente barnet dykkar utan at de må gje beskjed (denne lista ser vi på som gjeldande frå barnet byrjar i barnehagen og til dei byrjar på skulen, men de kan sjølvsagt gjere endringar på denne lista undervegs). Skulle de ha avtalt med nokon om henting som ikkje står på lista, og komme til å gløyme å gje beskjed, så tek vi kontakt med dykk slik at vi får bekrefta at det er greitt at vedkommande hentar barnet.