Det har no gått vel eit år sidan vegsambandet mellom Bulandet og Værlandet opna og vi fekk ny ferje og bussruter.
Først må det seiast at vi som bur her ute har fått eit nytt liv etter dette. Vi kan no ta med vår eigen bil inn til fastlandet alle dagar og sjølv om vi i år har hatt ein stormfull vinter, så er det ei lyst å reise på tur. Særleg for folk i Bulandet har dette vore revolusjonerande.
På forrige møte med fylket, fylkesbåtane og Firda Billag, måtte vi argumentere sterkt for å få på plass dei rutene vi har i dag. Vi ynskte fleire ruter, men møtte som motargument at dette vart for kostbart og at ein tvilte på behovet. I dag startar ferja frå Askvoll 06.30, dette måtte vi ha som eit utgangspunkt fordi det ikkje er råd for ferja å ha nattligge i Alden. Vi ser no at denne ruta er mykje brukt av næringslivet på fastlandet og at dette er ei rute vi lyt behalde. Det er sjølvsagt vanskeleg å forutsei eit behov. Vi trudde at det kom til å verte ei stor auke i trafikken både til og frå øyane og estimerte med tal som er mykje like dei tala vi ser i dag. Vi trur òg at talet er aukande, vi har endå ikkje blitt flinke nok til å marknadsføre oss til turistane, og det tid å innarbeide nye reisemønster. Per i dag har vi gode ruter mandag, onsdag og fredag. Tysdag og torsdag er det dårlege ferje og busstilbod. Der er ikkje korrespondanse mellom 0915 og 1515. Frå Værlandet er der ikkje avgang mellom 1100 og 1630. Dette fører til at det reiser lite folk desse dagane. Vi som bur her ute må framleis passe på å få lagd alle dei ærend vi skal i kommunesenteret på dei dagane vi kan komme oss heim med ein tidlegare båt. Framleis er det slik at vil lyt ta fri ein heil arbeidsdag dersom vi skal til lækjar eller andre ting på fastlandet. For tilreisande vert det svært vanskeleg å orientere seg i ruteheftet når vi har ulike ruter kvardagane. For næringslivet er det uråd å legge møteverksemd m.m. til tysdagar og torsdagar dersom der kjem møtedeltakarar frå Bergen. For Jensbua som skal planlegge øyhopping, er der òg mange omsyn å ta.
Vi ynskjer difor like ruter alle kvardagar, og meiner med utgangspunkt i trafikktala frå forrige år at der er grunnlag for det. Vi trur og at med betre tilgang så vil dette talet stige. Vi har òg eit sterkt ynskje om sein avgang sundag frå fastlandet. I dag er siste avgang 19.15 frå Askvoll. Dette er særleg viktig for dei mange tilflyttarane våre og for andre som har familie rundt om i landet. Skal ein eit stykke vekk, går heile sundagen bort i reising. skal ein kunne lokke folk til å flytte ut hit, så må vi legge forholda til rette når det gjeld slike ting som å kunne besøke familie i helgane.
Dersom vi samanliknar oss med andre samanliknbare samfunn som Fedje og Atløy, ser vi har vi har mindre enn halvparten av det tilbodet dei har med ferjeruter.
Etter at det nye sambandet kom på plass, har vi fått buss mellom dei to bygdene våre. Fylket kalkulerte her med billettinntekter på kr 85000 for heile 2004. Dei reelle billettinntektene vart 152000, dette er ei auke på nær 80%.
Det er mange som ikkje har sertifikat her ute og som er avhengige av desse bussrutene, dette er òg viktig for næringslivet og turisttrafikken. Vi opplever i større og større grad at skuleklassar og andre større lag vil ut her på besøk og er då avhengige av transport. Per i dag er det ikkje drosjer her ute.
Tysdag og torsdag er det ikkje busskorrespondanse med ekspressbåt frå Bergen om kvelden. Dette fører til at dei som kunne reist med buss inn til båten om morgongen lyt ta med seg bil for å komme seg heim om kvelden, bussen mister såleis ein del passasjerar.
Vi ynskjer like bussruter alle kvardagar, samt ruter laurdag. Per i dag går det ikkje buss laurdagar.
På bakgrunn av dette og trafikktala frå 2004, ber vi samferdsleutvalet om å ta opp dette som ei eiga sak, og vonar at de ser det viktige i å halde fram den positive utviklinga som har vore her ute.
Med helsing Bulandet Grendalag og Værlandet vel
Heidi Kjempenes ( Leiar Bulandet Grendalag )