Bleier

 

Av praktiske grunnar er det ein fordel om vi kan få bleier som vert festa i sidene (ikkje ”up and go”). For eksempel dersom eit barn har gjort seg ut medan vi er ute, er det lettare å skifte ei slik bleie (slepp å ta av bukse og strømpebukse).

 

Barn som held på med do-trening kan godt bruke ”up and go”. Gje barnehagen beskjed dersom du ynskjer at ein skal prøve å få barnet til å gå på do her. Ta tida til hjelp når du begynner med do-trening. Dersom ein presser barnet vil det lett forbinde det å gå på do som noko negativt. Dersom du tykkjer do-treninga er vanskeleg, eller du er usikker på noko, kan du ta kontakt med ped.leiar i barnehagen. Her kan du få nokre tips/råd som du kan prøve dersom du trur det passar for ditt barn.

Attende