BANK I BUTIKK
Anna og Linda frå Sparebanken Sogn og Fjordane si avdeling på Askvoll stod i
spissen for opninga av det nye tilbodet "Bank i Butikk". Den 11.11.09 var dei på
butikken i Bulandet og den 12.11.09 var dei på butikken på Værlandet. Opninga
vart feira med kake og kaffi på begge butikkane og mange kundar kom innom for
ein prat.
Lenger nede på denne sida kan de sjå bilete. Det er Anna som er fotografen.
FAKTA OM BANK I
BUTIKK
Kundane kan:
- Levere
brevgiro eller signerte giroblankettar i girokassa. Desse vert sendt vidare
for handsaming kvar dag.
- Ta ut
kontantar i kassa, enten med Visa-kort eller med eit Bank i Butikk kort.
Korta kan ein få ved å ta kontakt med Sparebanken Sogn og Fjordane i
Askvoll.
- Sette inn
pengar (setlar) på bankkontoen.
Kundane kan ta
kontakt med banken i Askvoll på dagtid, 57733409 (Linda) eller 57733410 (Anna),
eller kundesenteret vårt som er ope måndag til torsdag til klokka 21.00 og
fredag til klokka 16.00. Tlf nr til kundesenteret: 57829700