Avmeldingsdagane

 

På barnehageruta vil de sjå at der er sett opp avmeldingsdagar. Dette gjeld haust- og vinterferie, og ein del enkle dagar. Det vil sei at vi i barnehagen heng opp ei liste i garderoben der foreldra kryssar av på lista dersom barnet deira ikkje kjem på avmeldingsdagen/-ane.

 

Dersom de veit at barnet dykkar kjem seint til barnehagen i haust- eller vinterferien er det til stor nytte for barnehagen å kjenne til dette. Skriv på avmeldingslista kortid de kjem til å levere barna, feks ”etter kl 9” (Dette gjeld dei som VEIT at barna kjem seint. Veit du ikkje kortid du vil levere, så skriv du ingen ting). Grunnen til at vi ber om dette er at vi tidlegare har opplevd at personalet har blitt gåande aleine på jobb fram til halv ti. I slike tilfelle kunne vi ha venta med å åpne barnehagen til kl 9, og spart vikarutgifter. (Ofte har ein av personalet ferie i haust- eller vinterfeiren). 

 

I feriane heng lista oppe heile ferien slik at de kan føre på etter kvart. Denne avmeldinga er bindande.

 

Avmeldinga gir ikkje redusert barnehagebetaling.

Attende