*************************************************************************
Til stades frå styret: Linda Landøy, Audun Oddekalv, Nina Etterlid, Arnt Henning Blom og Astri Thorsen Landøy.
Til saman deltok 14 på årsmøtet.
Før årsmøtet tok til orienterte Laila Kråkenes Blom om arbeidet i bassengnemnda. Bente Hillersøy, Asle Fedøy og Tore Hillersøy var og med på orienteringa og svarte på spørsmål.
Linda takka bassengnemnda for ei fyldig og god orientering, og opna årsmøtet. Som vanleg hadde vi eit minutts stille for å minnast dei som har gått bort sidan førre årsmøte.
Sak 1) Godkjenning av innkallinga.
Innkallinga vart samrøystes godkjend.
Linda las årsmeldinga frå styret. Samrøystes godkjend
Elin orienterte om årsmeldinga frå gamleskulen. Samrøystes godkjend.
Astri orienterte om rogavlnemnda si årsmelding. Samrøystes godkjend.
Arnt Henning la fram rekneskapen til styret. Samrøystes godkjend
Elin la fram rekneskapen til gamleskulen. Samrøystes godkjend.
Sak 4) Framtida til badeplassen.
Vi vart samde om å ha ein dugnad seint på våren/tidleg på sommaren. Vi vil køyre på litt meir stein(over nota) og kjøpe eit lass med sand.
Vedtak: Gamleskulen kan ha eit samla låneopptak på kr. 290000 over 20 år. Samrøystes.
Det er eit stort problem at ein ikkje har drosje som kan utføre køyring for private og ambulansebåten. Vi ynskjer eit eige drosjeløyve, og vil arbeide vidare med det saman med Bulandet Grendalag.
Elin la fram valnemnda sitt framlegg. Alle vart samrøystes valde.
Linda takka Arnt Henning, som går ut av styret, for innsatsen med å halde styr på pengane.
Til slutt orienterte Linda om aktuelle saker:
Branndepot. Vi må ha fellesmøte med Bulandet Grendalag
Innspel frå Askvoll kommune om at ferjesambandet vårt skal prøvast som gratisferje.
Heimesida har fått kr. 10000 frå veikingkonvoien ved Vidar Nupen. Dette vil vi markere via Firda og heimesida. Heimesida har og kjøpt inn webkamera.
Møte slutt kl. 19.30