ORIENTERING OM KVA STIFTELSEN ALVHILDS MINNE TIL VÆRLANDETS VEL HAR GJORT I 2006
*********************************************************
I Stiftelsen: Audun Oddekalv (leiar), Per Vidar Nybø, Elin Blom Vesterås, Arnt Henning Blom og Astri Thorsen Landøy.
Desse har søkt stiftelsen om midlar :
Værlandet Bedehuskapell kr. 28568,75 til nytt belegg i matsalen.
Parknemnda, Værlandet Vel, kr. 20500,- til ny grasklippar.
Museumsnemnda, Værlandet Vel, midlar til Engelbua. (Stiftelsen har gått inn for kr. 20000,-, dei vert utbetalte når museumsnemnda treng midlane)
10. trinn ved Bulandet skule har fått kr. 3500,- for rydding av gammal gard i Vaulemyra.
Gamleskulen har fått eitt lass med grus.
Stiftelsen har i 2006 lagt ned mykje tid og pengar i oppgradering av Alvhildhuset. M.a. måtte heile det elektriske anlegget fornyast. Huset har pr. i dag leigetakarar, og Stiftelsen håper huset kan vere ein etableringsbustad for unge. Huset vert leigd ut i 3 års bolkar.
Stiftelsen har og betalt kr. 48133,- til grusing av industriområdet i Hamna.
Stiftelsen har i 2006 søkt om frådeling av små og store areal for desse:
Værlandet Båt
Værlandet Fiskeredskap
Ingvar Landøy
Åge Værøy
Arve Kjæmpenes
Otto Kvamme
Desse frådelingssakene er til handsaming i Askvoll kommune.
Enivest får disponere eit område gratis til linkmasta.
Stiftelsen tok tak i problematikken med attgroing av bøane som det før var beiting på. Stiftelsen syter for organiseringa av beitepussaren i samarbeid med Værlandet Fiskeredskap som leigar ut beitepussaren og traktoren.
Audun Oddekalv går ut av styret, og Rune Kalvøy vert nytt medlem i Stiftelsen.
Spørsmål til Stiftelsen kan rettes til styret. Spørsmål om frådeling ynskjer styret å få skrifteleg.