INNSPEL FRÅ ALLMØTE I VÆRLANDET VEL TORSDAG 12.JUNI 2008
Til stades: Kato Grønfuhr, Ruth Bakke, Dag Leite, Tor Leite, Linda Landøy, Erna Nekkøy, Elin B.Vesterås, Per Vidar Nybø, Bjørnar Landøy, Magnar Neverdal, Geir Landøy, Nina Etterlid, Magne Landøy, Malvin Grepstad, Laila K. Blom og Astri T.Landøy
Etter oppstartsmøte 27.mai 2008 har plankarta lagt ute til debatt på butikken på Værlandet. Formålet med kveldens folkemøte er å få inn fellestankar frå bygda.
Linda Landøy orienterte og kommenterte dei innspela som var innteikna etter førre møte.
Oppsummert ser innspela slik ut:
Eit område avsett til næring sør for Legdagytten, langs stranda mot Ytre Melværsund bru (bra djupne for djupvasskai).
Landøyna: Området med sjøbuene mot allmenningskaia kan vere aktuelt for bruksendring. Fiskeriet er i dag i endring. Resten av Landøy er avsett til bustad og næring. Ein del av området er tenkt avsett til vidare hytteutbygging.
Myrane: Vauleskarhågen (sør for vegen) kan nyttast som bustadområde.
Nordnessundet: Stiftelsen Alvhilds minne ynskjer å leggje til rette for hyttefelt, planen er teikna. Kato Grønfuhr ynskjer at hans eigedom på sikt skal utbyggast som hyttefelt, som ei forlegging av stiftelsen sitt felt. Magnar Neverdal ynskjer framtidig næring på si tomt.
Hamna: Fiskerirelatert ved Garnmonteringa og Værlandet Båt. Den innarste delen av Hamna bør få andre nemningar slik at ein kan få bruksendring på sjøbuene, slik at buene vert bevart for ettertida. (endring av kopling til fiskeri) Sjølvsagt skal ein ha fiskeri i Hamna, men det er eit sterkt ynskje frå bygdefolket at ein tenkjer alternativt og framtidsretta.
Resten av Hamna mot ferjekaia vert avsett som område for fast busetnad og næring. Strandsona (ca.10 m skal vere open for fri ferdsel) langs heile traseen.
På Nybø ynskjer grunneigar å behalde sitt område som LNF (landbruks) område (har sendt innspel om dette).
Soknavågen: nå oppdrettsnæring og fiskerirelatert, området må oppgraderast og omregulerast til høveleg bruk. Kaia er ei allmenningskai.
Bygda ynskjer og å opne opp for fast busetnad langs vegen til Melvær frå steinbrotet.
Vi teiknar og inn på kartet Magnar Neverdal sitt område i Kleivaneset som framtidig hyttefelt. Naboen, Per Vidar Nybø hadde ikkje høyrt om planane før allmøtet. Han meiner at vi må bevare dette området slik det er.
På Værlandet er det i dag mange flotte turløyper. Desse løypene er viktige rekreasjonsområde for fastbuande og tilreisande , men dei er fleksible og kan justerast i samarbeid med framtidige prosjekt.