Værlandet Vel

6986 Værlandet

 

 

Askvoll Legesenter

v. Siv Tønder

Postboks 123,

6980 ASKVOLL                                                                   Værlandet, 29.01.2011

 

 

EVALUERING AV LEGEVAKTORDNINGA I ASKVOLL KOMMUNE.

 

Værlandet Vel har gjennomført ein spørjeundersøking på Værlandet, ang. eksisterande legevaktordning. Dette for å få oversikt over kva erfaringar Værlendingar har med dagens ordning.

 

Vi bad om svar på fylgjande spørsmål:

 

Spørsmål 1, og 2. Husstandar, antall personar i husstanden  ?

3. Kor mange gonger har husstanden nytta seg av den nye legevaktordninga ?

4. Kor mange gongar har ein reist til Førde ?

5. Kor nøgd er du med tilgjengelegheit til legevakt, på dagtid, i Askvoll ?

6. Dersom ein har reist til Førde: Opplevde du reiseavstanden som problematisk ?

7. Kva slags problem har du opplevd på grunn av auka avstand til legevakta ?

8. Korleis vart ein motteke på legevakta i Førde ? (  Spørsmålet er oppdelt i A,B og C, og                                                                                                dekkar: den fyrste telefonkontakt, mottaking og behandling i Førde)

9. Kva er fordelane med å å legevaktordning i Førde ?

10. Kva er fordelane med å ha legevaktordninga i Askvoll ?

11. Andre kommentarar om korleis ein opplever den nye legevaktordninga ? 

 

Vi fekk inn svar ifrå 17 husstandar, med totalt 55 bebuarar.

 

Vi har gått gjennom innkomne svar, og samla dette i fylgjande oppsummering:

 

FORDELAR, MED LEGEVAKTORDNINGA PLASSERT I FØRDE:

Ein fordel med legevakt i Førde, er at når ein fyrst er innkomen til Førde, så har ein tilgong på større kompetanse, sidan legevakta ligg på Sentralsjukehuset. I og for seg er dette ikkje noko stor fordel, då ein uansett vil verte sendt vidare til Førde, dersom det er behov for det.

 

ULEMPER, MED LEGEVAKTORDNINGA PLASSERT I FØRDE:

Lang reiseavstand.

Å reise inn til Førde på legevakta, er tungvidt og tidkrevande for eldre, og vanskeleg for småbarnsfamiliar.

 

Høgre terskel for å kontakte legevakt.

Enkelte av besvarelsane går på at dei har lagt terskelen for å kontakte legevakta i Førde, høgre enn kva tilfellet var når legevakta var i Askvoll.

Folk,som kontaktar legevakta i Førde, vert ofte oppfordra til å vurdere sjølv om det er naudsynt å ta ut på reise inn til Førde. Mange synest at dette svaret, medfører at dei vert sett i ein vanskeleg situasjon.

Manglande lokalkunnskapar, hos tilsette ved legevakta i Førde.

Tilsette ved legevakta i Førde har manglande geografiske lokalkunnskapar, og forstår ikkje utfordringane pasienten står ovanfor, knytt til det å kome seg ifrå Bulandet/Værlandet til Førde på kvelds og nattetid.

 

Folk kan, i enkelte tilfeller, velgje å avvente situasjonen.

Det kan vere ein reell fare for at personar, som burde fått legehjelp, vel å ikkje ta kontakt/reise til legevakta, men heller vel å vente til dagen etter. Dette kan, i verste fall, få fatale konsekvensar.

 

Stengt venterom på Asvoll.

Ved fleire anledningar har personar som har vorte transportert ut igjen til Askvoll på kveldstid vorte møtt med eit stengt venterom. Dette er spesielt dei kveldar vi har seinferje, og har medført at folk må opphalde seg utandørs over lengre tid, medan dei ventar på siste ferja.

 

Uklar ordning knytt til bruken av ambulansebåten.

Det er for mykje tilfeldigheiter knytt til bruk av ambulansebåt for å transportere folk til og frå Askvoll når ikkje offentleg transport ( ferje) er tilgjengeleg. (kvelds/nattestid).

Mange av besvarelsane går på at i dei tilfeller det ikkje er mogelegheit med offentleg transport er det uklart kva ordningar som då gjeld.

Det må vere unødvendigt at folk må kreve transport. Det må vere ei fast ordning i slike tilfeller dersom legevaktordninga i Førde skal halde fram.   

 

Siste ferje, for å nå legesenteret i Askvoll medan det har ope, går kl. 12.45.

Dette medfører at det i praksis er kun mellom 08.00 og 12.45 ein kan reise til Askvoll og nytte seg av legevakttenesta.

Etter 12.45 må ein derfor forberede seg på å reise til Førde for å oppsøkje legevakt, dersom ein skal reise med ferje.

 

FORDELAR MED LEGEVAKTORDNING, PLASSERT I ASKVOLL:

Kort reiseavstand.

Ein kan sleppe å reise heilt inn til Førde for å få sydd t.d. to sting.

Ein har ambulansebåten tilgjengelegt for transport av folk fram og tilbake kvelds/nattestid.

Ein er hos lege i løpet av 1 times tid, istaden for 3 timer som det gjerne vert dersom ein må til Førde.

Ein har lege med lokalkunnskap om pasient og reisebehov.

 

KONKLUSJON.

Svara vi har motteke, syner at Værlendingane vil ha legevaktordninga tilbake til Askvoll,

då dette gjer dei større tryggleik og ei kortare reise.

Vi meinar bestemt at dagens ordning har store utfordingar.

 

Skulle ein fortsatt ha legvaktordninga knytt til Førde må ein ha ei langt betre organisering av pasienttransporten. Pasienten må unngå å bekymre seg for korleis han skal kome seg fram og tilbake til Førde.

 

Med helsing

Værlandet Vel

 

__________________

Audun Oddekalv

        leiar