Referat frå styremøte i Værlandet Vel 29. mars kl. 16.00

 

 

Til stades: Laila Blom, Audun Oddekalv, Astrid Thorsen Landøy,  

 og Ann Iren Bauge.

 

                   Gamleskulen v/Elin Blom

 

Forfall:       Roar Landøy

                   Tone N. Nybø

 

 

 

 

GAMLSKULEN

v/Elin Blom

 

1.                Knust rute – utedoen. Ruta må skiftast.

2.                Grusing av plassen på sørsida av Gamleskulen – uteplass.

Ta kontakt med Ove Nesberg for kostnadsoverslag.

3.                Kontrakt med Værlandet Båt

Værlandet Vel godkjenner kontrakta med følgjande endringar:

Det må leggjast til eit punkt i kontrakta vedk. innkrevjing av husleiga som seier noko om korleis den skal utformast. Blant anna må mva spesifiserast.

4.                Lån – Gamleskulen

Astrid sender mail til Sparebanken Sogn og Fjordane, avd. Askvoll vedk. rentenedsetjing på lånet.

5.                Rekneskapen for Værlandet Gjesteheim vart lagt fram. Kort

gjennomgang. Vi rekna rekneskapen for godkjent.

 

 

GANGVEGEN I HAMNA

Vi ventar med evt. uttale.    

 

 

FELLESMØTE BULANDET GRENDALAG/VÆRLANDET VEL 24. MARS

 

Oppsummering av Nordsjøporthelga 2009.

Bulandet Grendalag og Værlandet Vel vart samde om fordeling av oppgåver.

 

KULTURMIDLAR

Søknadsfrist 1.mai.

Søkjer, som vanleg, saman med Bulandet Grendalag.

Laila drøftar med Leiaren i BG om vi skal søkje om meir enn kr. 10.000.

 

 

BRIMMEN – OVERSKOTSMASSE

Laila Landøy har 3-4000 m3 med overskotsmasse som ho vil verte av med. VV kan få det kostnadsfritt.

VV kan tenkje seg å nytte overskotsmassen til å rette opp vegen og få fortau (gang-sykkelsti) i Vaulemyrane. Det vil være ein stor fordel for kommunen å ta imot dette tilbudet, då det vil lette kostnadane med å få vegen opp til fylkesstandard.

Laila tek kontakt med Askvoll kommune om eit mogeleg samarbeid mellom VV og kommunen. Kan det søkjast om tilskot frå ekstraordinære vegmidlar?

 

 

VEG FRÅ GAMLESKULEN TIL LEITE

Det vart drøfta om ein kan byggje (høgt opp, langt fram) veg frå Gamleskulen til Leite + at den eksisterande vegen til Leite sårt treng oppretting/utviding og vedlikehald. Vi er einige om at vegen opp til Leite må ordnast så snart som råd.

Når det gjeld ein eventuell veg frå Gamleskulen til Leite: Værlandet Vel spelar ballen over til Stiftelsen.

 

SØPPELRYDDING I SØRVÆRET

Det er no fjerna mykje søppel frå vikane i Sørværet, men mykje ligg att.

Værlandet Vel vil prøve å få plassert ein kontainer til hovudsakleg ”fjæresøppel”. Vi kan då rydde medan vi går tur. J

 

 

DROSJELØYVE  VÆRLANDE/BULANDET

Det er eit stort behov for drosje her på øyane.

Vi vart samde om å ta kontakt med Bulandet Grendalag for å drøfte  drosjeløyve eller evt. andre vegar å gå for å få stasjonert drosje.

 

 

Møter slutt kl. 18.00

 

 

Ann Iren Bauge

       -ref.-