Intervju med Arvid Vesterås (f. 14/12-1933)

Laga av 7. kl –1989.

Merete Ytrøy, Therese Kalvøy, Joar Leite, Arve Vesterås og Andre Landøy.

 

Eg tok til på skulen då eg var 7 år og  gjekk  i 7 år, men av og til sprang eg, seier han spøkefullt.

Eg gjekk  3 dagar i veka. Laurdagane gjekk vi også på skulen. 4.-7. klasse gjekk ilag, og det vart rekna som ein klasse . Vi var vel ca 16 elevar i eit klasserom.

Lærarane var kanskje litt strenge, men det gjekk fint.

Vi fekk litt mykje lekser. Mellom anna måtte vi lære bibelsoge og dei 10 boda utanåt.

Ein skuletime varde i 45 minutt, og eit friminutt i eit kvarter. I friminutta slo vi ball eller spretta jeppe. Var det regnvêr herja vi inne i gangen.

Forholdet mellom elevane var bra , men av og til sloss vi. Mellom lærar og elev var forholdet bra og, men vi fekk litt skjenn somme tider. Men så gjorde vi litt fantestykke og .

Vi hadde ikkje så mange plikter på skulen ,men vi måtte hogge ved og bere vatn. Tavla måtte vi vaske kvar sin dag.

Skulebøker og slikt som vi trengde fekk vi på skulen ,men dersom vi rota bort tinga våre ofte, måtte vi kjøpe oss nytt sjølve .

Vi hadde 2 veker samla med sløyd for året. Vi begynte med sløyd i 4. klasse. Då laga vi berre småting som leikebåtar og skjerebrett, men sidan vart det til små bord og krakkar.

Under krigen hadde vi sløyd i kjellaren til Johannes Værøy , kvifor det veit eg ikkje.

Skulevegen var ikkje fin. Vi gjekk over dike og vatn, og vi hadde berre tresko til å gå i. Om vinteren tok vi ullsokkar over treskoa for at dei skulle halde på føtene. Var det for mykje snø var vi ein heil gjeng som rodde inn i Hamna. Då betøgde vi båten ved Hittunsbua, for det var landhandel der før. Så gjekk vi jo inn og handla litt ,og så gjekk vi på skulen.

Vinterstid, om det var snø, gjekk vi på ski i Olabakken ,ein bakke som låg rett bak skulen .Når isen la seg på vatna gjekk vi på skeiser på Gåsevatnet .

Den første ranselen eg fekk var kjøpt, men så fekk eg ein av far som han hadde laga av tynt kryssfiner.

Eg hugsar at vi måtte skrive 4 stilar i månaden. Det vart ein stil i veka. Mange gonger var det hardt, for det var så mange sider å skrive.

Eg gjekk på skulen under krigen, men eg syns ikkje det var så ulikt dei andre åra eg gjekk etter krigen.

Dei var strenge med karakterane. Det faget eg var best i  var rekning.

Vi hadde eksamen det siste skuleåret i norsk (stil ) og rekning.