Ditt eige liv i bokform!

Sissel Værøyvik (utflytta værlenning) har henta inspirasjon frå ei dame frå Sandefjord, Anette Holt, som i 2005 starta opp med å skrive livshistoriene til folk i bokform.

Ho laga eit opplegg for dette, med intervju, skriving av manus, innlegging av bilder, og trykking av bøker. Dette er ikkje berekna på offentleg utgjeving, men på slekta, etterkommarane og kommande generasjonar - for å bevare familie-, slekts- og kulturhistorie for ettertida.

Sissel seier:

"No vil eg prøve å starte med det same her i Bergen. Sjølv om eg bur her, har eg plass å bu på Værlandet óg, så eg tek gjerne turar dit. Det er nok mange av den eldre garde ute på øyane som har mykje interessant å fortelje – kanskje nokon av dei kunne tenke seg å få laga ei bok om livet sitt? I så fall tek eg gjerne imot oppdrag!"

På denne sida kan du lese meir om opplegget: www.vitaveritas.no

Sissel sin kontaktinformasjon:

 sissel@vitaveritas.no og mobil 470 28980