Styremøte i Værlandet Vel
sundag 23.05.10 kl 17.00 i fellesstaua i Eldreboligen
Til stades frå styret: Audun Oddekalv, Arnt-Henning Blom, Reidun Norheim, Roar Landøy og Elin Blom Vesterås. Tone Nybø kunne ikkje møte. I tillegg var Astri T. og Helge Landøy frå Museumsnemnda med i forbindelse med sak 2.
Sak 1 Kommuneplan – samfunnsdelen
Audun og Arnt-Henning var på møte i Askvoll 19.mai. Kommunen hadde invitert velforeiningane i kommunen til informasjonsmøte om samfunnsdelen i kommuneplanen. Det vert folkemøte i Askvoll 03.juni om dette arbeidet, der bygdene i kommunen er oppmoda om å presentere sitt syn på:
-status og utfordringar i bygda og kommunen
-visjon og mål for bygda og kommunen
-strategiar og tiltak
Audun og Arnt-Henning fekk oppdraget med å lage ein presentasjon frå Værlandet.
Sak 2 Nordsjøporthelga 2010
Styret snakka om og vart einige om ein del praktiske ting som må ordnast til denne helga. Bl.a dette:
-Arnt-Henning og Roar tok ansvar for å få på plass stolar, benker og bord. Det skal merkast oppparkeringsplass i forkant av marknaden, for å utnytte det utplanerte området ved Værlandet Fiskeredskap på best mogleg mote. Kanskje vi klarar å ha nok parkering til alle bilar der denne gongen??
-Museumsnemnda står for opplegget i Engelbua på laurdagen. Det vert ope der frå kl 12.00-16.00, og det er planlagt sal av kaffi, natronkaker og sild m/poteter. Fleire
byter på vaktene her.
-Fjord 1 stiller med ekstra avgonger laurdag og sundag, og Firda Billag er positive til ekstraturar i forbindelse med ferja. Roar tek drosjekøyring i lag med ein person til.
-Når det gjeld dansen i Floren (seniordansen) vil vi høyre om A/S Nikøy (Joker Bulandet) kan stå for dette arrangementet. Strand spelemannslag har trekt seg pga sjukdom, men vi har fått inn ei gruppe (med gode anbefalingar) som heiter Reksten Band.
- Renovasjonsordning denne helga (masse søppel frå marknadsdagen bl.a...)Vi kjøper inn sekker (140 liter) frå SUM til kr 100,- pr sekk. Desse vil verte henta av bossbilen som går i ordinær rute. Slik sparar vi masse pengar i forhold til å få ut container.
-Salg av billettarmband for å komme inn på marknaden laurdag. Kr 20,- pr pers over 4 år. Salgsstasjon ved krysset gangvegen og vegen til Leitet. Elles kan butikkane selge billettarmband både dagane før og på sjølve marknadsdagen.
-Neste møte i «NPH-komitèen» vert 01.juni.
Sak 3 Infotavlene
Denne saka er litt gjengangar...Vi må prøve å få gjort noko. Dei gamle tavlene må få ny og oppdatert info + gode kart over området.
Sak 4 Askvoll kommune – Omstillingskommune
Kommunen har i 2010 fått status som omstillingskommune. Dette er eit prosjekt der
Innovasjon Norge er sterkt inne. Styret vart einige om å tipse øyfolket om dette i Gjesteboka på heimesida Værl/Bul, då det kanskje har vore litt lite info om dette enno frå kommunen si side ? Elin tek seg av å skrive om dette i Gjesteboka.
Sak 5 Renoveringa i Gamleskulen (Værlandet Gjesteheim)
Det utvendige sanitæranlegget har no fått nytt tak både ute og inne. Det som står att no er å få på plass nytt elektrisk anlegg med lys og varme, koble på att vatn og legge nytt golvbelegg (kanskje litt målearbeid òg?). Arnt-Henning tek på seg å snakke med elektrikar og rørlegger, og Reidun skal snakke med banken om å ta opp meir lån for å få gjort denne nødvendige utbetringa.
Elin Blom Vesterås
-skrivar-