Referat frå styremøte i Værlandet Vel 3. februar kl. 19.00
Til stades: Laila Blom, Audun Oddekalv, Astrid Thorsen Landøy,
Tone Nistad Nybø og Ann Iren Bauge.
Forfall: Roar Landøy (vara vart ikkje innkalla)
Sak 1) Askvoll kommune si heimeside
· Astrid har sendt inn dei nye vedtektene, oversikt over styret og kontaktinformasjon som skal leggast inn på Askvoll kommune si heimeside.
Sak 2) Rydding i Sørveret
· Ryddedagen er sett til laurdag 14. februar.
· Det skal setjast opp plakatar om dugnad på butikkane og på lyspålar i tillegg til heimesida.
· Dugnadsgjengen går frå Kleivavågen til Ola-neset og startar ryddinga der.
· Ein dugnadsgjeng vil stå for å bringe bollar til dei som ryddar.
· Denne laurdagen skal brukast til å få bosset i sekkar. Det vert sett fokus på det største/tyngste raket.
· Leiaren tek kontakt med Air-lift og avtaler dato og stad for henting av boss etter at bosset er kome i sekkar.
· Anne Britt Sandøy vil vere der og lage reportasje for Firda.
· Leiaren tek kontakt med Johannes Anonby i fylkeskommunen
om korleis bosset skal fraktast frå Værlandet.
Sak 3) Nordsjøporthelga 3. – 5. juli
· Tone kontaktar Stein Hugo Fykse for å få gudstenesta 5. juli på preikelista.
· Kulturinnslag etter gudstenesta 5. juli
· Leiaren tek kontakt med Per Vidar Nybø om kulturskulen kan tenkje seg å ha nokre kulturinnslag. Museet vert ope. Leiaren tek kontakt med museumsnemnda og høyrer korleis medlemene i nemnda kan tenkje seg å organisere denne dagen.
· Styret i Værlandet Vel møter Gry Leite laurdag 7. februar for å høyre kva som er ønskjeleg å organisere på Værlandet Båt i etterkant av gudstenesta.
· Leiaren tek kontakt med Bulandet grendalag om felles møte vedk. Nordsjøporthelga. Avventar til Bulandet grendalag har vald nytt styre.
Sak 4) Midlane Askvoll kommune fekk i høve finanskrisa
· Askvoll kommune har øyremerka midlane. Den kommunale vegen i Værlandet er ikkje prioritert i planen til kommunen.
· Leiaren i skriv brev til Askvoll kommune om vegen, genelt,i Værlandet. ”Kvar er vegen her ute i systemet?”
Sak 5) Helikopterlandingsplass
· Værlandet Vel vil ha helsesjef Johan Nyhammer sitt syn på helikopterlandingsplass merka med lys, i Værlandet. Leiaren kontaktar helsesjefen.
Sak 6) Legevaktsamarbeidet
· Mange er usikre på kva den nye legevaktordninga går ut på. Kva gjer vi etter kl 16.00? Korleis vert transporten heim etter besøk på legevakta?
· Leiaren kontaktar helsesjef J. Nyhammer. Værlandet Vel vil at helsesjefen utarbeider eit informasjonsskriv til alle husstandane om den nye legevaktordninga.
Sak 7) Andre saker
BRØNNØYSUNDREGISTERET
· Leiaren informerer Brønnøysundregisteret om nytt styre i Værlandet Vel, endring av signaturrett og at Værlandet Vel ikkje lenger driv utleige av gamleskulen.
GATELYS
· Leiaren kontaktar Askvoll kommune/teknisk etat om gatelys som er ute av drift, m.a. ved Fargedalshøgda og gamleskulen.
· Leiaren sender søknad til Gjensidige-fondet om tilskot til gatelys, 3 punkt på Vaulemyrane.
NY UTLEIGAR AV GAMLESKULEN
· Værlandet Båt opprettar eigen konto for drifta av gamleskulen.