ÅRSMELDING FOR VÆRLANDET VEL 2007
Dette året har vi hatt eitt årsmøte, tre styremøter
og fire fellesmøter
med Bulandet Grendalag, samt eit fellesmøte med Atløy
Vel.
Saker som har vore arbeidd med i 2007:
- Skottland/Shetland
samarbeidet. Astri har vore på Shetland saman med Laila Halsøy og Marianne
Hillersøy. Vi var ein del av ei gruppe frå
fylkeskommunen leia av Trond Ueland. I forkant
av Shetlandsturen var vi samla i Aurland saman med skottar og
shetlendarar. Linda var saman med Alfred Vorland
og Gry Leite Askvoll kommune sine utsendingar under opninga av det nye
Shetland Museum i Lerwick. I tillegg har Linda vore i Skottland
saman med Gry og Johannes Anonby frå
Fylkesmannens miljøvernavdeling. Dei vitja Isle of
Skye, og fekk mange innspel til det framtidige naturbrukssenteret i Hamna.
Når skottane besøkte Værlandet i februar
var Tourism and
Interpretation tema. Nordsjøpasset er eit direkte resultat av
dette.

Astri, Marianne og Laila på tur i verdsarvområdet Nærøyfjorden.

Up Helly-Aa
vart feira på Værlandet Båt i januar.
- Nordsjøporthelga 2007, samarbeid med
Bulandet Grendalag.

Frå søndagens kulturarrangement ved Værlandet Båt i Hamna.
- Museumet Engelbua,
sjå eiga årsmelding.
- Rogavlen
- Parknemnda,
sjå eiga årsmelding.
- Vi
har fått ordna gravsteinen til Per Hansen, og syter føre at det vert ordna
med blomster/lys på gravstedet.
- Overrekking
av skiltet ”Sjå deg ikkje attende”, eit fellesprosjekt med Bulandet grendalag. Eit vellukka arrangement, men det å få noko
gratis vert ikkje billig! Vi fekk tilskot frå Askvoll kommune v/kultur og
næring som dekkjer store delar av reisekostnadane.

Kunstnar, grendalagsleiarar og
skiltmakar.
- Skreve
brev om gatelys, humpar i vegen og branndepot. Branndepotet vert plassert
ved Gamleskulen
- Vi
er i gang med arbeidet med ny tekst i informasjonstavlene.
- Løypa
vår til Breiheia er bra brukt.
- Deltatt
på møter om framtidig ferjemateriell, opningstid i samband med anbod.
- Innspel
til rutemøte, lovnad om sein søndagsrute og at det vert jobba med like
ruter alle kvardagane.
- Værlandet
Gjesteheim (tidlegare Værlandet gamleskule), sjå eiga årsmelding.