Barnas turlag Værlandet/Bulandet  har turar 
saman med Barnas turlag Askvoll og Barnas turlag Dale

 

 

Laurdag 6.juni kl.15.00 start i parken ved Værlandet gjesteheim. Turen går sørover mot Klettane, pause ved bekken til Duevatnet.  Dersom nok vaksne og godt nok ver kan vi kanskje gå opp på Mekletten eller Høgkletten med dei eldste barna.

Alden sett frå Duevasselva.

 

 

Bilete teke frå Duekletten og frå Mekletten.

Ved Kråkevatnet.

 

Søndag 7.juni kl.11.00 avreise frå Hamna for dei som ynskjer å vere med på fellestur opp på Alden, dersom vinden har roa seg. Askvoll og Dale kjem til å leige skyss hos Værlandet Båt, vi må organisere oss i private båtar. Ta kontakt med Astri(som i skrivande stund er medeigar i ein båt som er på veg på verkstad, men søndag håper vi den er i ordenJ) eller Bengt Ronny dersom du gjerne vil på Alden, men ikkje har båt.

 

VEL MØTT TIL TURAR!

 

Barnas turlag i Værlandet/Bulandet