REFERAT FRÅ ÅRSMØTET I VÆRLANDET VEL
LØRDAG 30. JANUAR 2010, kl. 15.00
Årsmøtet talde 13 deltakarar.
Audun Oddekalv ynskte velkommen og tradisjonen tru hadde vi eitt minutt stille for å minnast avdøydde i 2009.
Audun Oddekalv vart vald til møteleiar og Ann Iren Bauge til skrivar.
Møteinnkallinga vart godkjend.
Sak 1. ÅRSMELDINGAR
Årsmeldinga til museumsnemnda vart samrøystes godkjend.
Årsmeldinga frå styret vart samrøystes godkjend med følgjande tillegg:
v Midlane pålydande kr. 72.000, var frå Gjensidigestftelsen
v Det er kjøpt 2 nye benkar til uteplassen ved Gjesteheime
v Det er sendt innspell få Værlandet Vel og Bulandet Grendalag om bussruter til ”dei nye” ferjerutene (tysdag og torsdag)
Sak 2. REKNESKAP
Alle rekneskapa vart godkjende av årsmøtet med følgjande merknader:
v Rekneskapen til styret:
Rekneskapen er godkjend med atterhald om godkjenning av revisor.
27.12.09 kom det inn kr. 25.000 på Værlandet Vel sin konto.
Desse midlane skal brukast i tråd med intensjonane i Kystarvprosjektet.
v Gjesteheimen:
Årsoppgjeret er avslutta av Askvoll Rekneskapsteneste ok kvittering er sendt til ALTIN
Årsmøtet vedtok at det nye styret bør ta ei drøfting på rekneskapen då Askvoll Rekneskapsteneste skal ha kr. 12.000 for arbeidet.
v Museumsnemnda:
Årsmøtet gjev det nye styret fullmakt til å justere inngangsbillettane (vedtak i årsmøtet 2008) til Engelbua.
Sak 3. VAL 2010
Framlegga vart samrøystes godkjende.
Årsmøtet meiner at det nye styret bør ha eit møte med dei ulike nemndene for å drøfte aktiviteten. Det er ikkje aktivitet i badeplassnemnda. Bør denne nemnda avviklast?
Sak 4. INFORMASJONSSENTERET FOR SJØFUGL
Sak 5. KYSTARVEN
Sak 6. KONTOFULLMAKT
Årsmøtevedtak:
Astrid T. Landøy vart heidra for sin innsats i Værlandet Vel frå 1991.
Laila M. Blom vart heidra for sin innsats som leiar i 2009.
Møtet slutt kl. 17.30
Ann Iren Bauge
-skrivar-