Tysdag den 26. april 2005, klokka 20.00 i gamleskulen
8 personar var til stades
Sak:
Låneopptak for å oppruste og vedlikehalde gamleskulen
Elin har snakka med banken om å få ta opp eit lån på 300 000 kroner.
Banken tilrådde byggjelån fordi ein då berre betalar rente for det ein brukar.
Det ein ikkje brukar betalar ein attende forholdsvis fort.
Det som hastar å få gjort er dei utbetringar som er naudsynte for å få
halde fram med overnatting i bygget. Desse utbetringane er kostnadsrekna til om
lag 200 000 kroner.
Vedtak:
Det ekstraordinære årsmøtet i Værlandet Vel godkjenner at Værlandet Vel
v / Husstyret får løyve til å ta
opp eit lån på 300 000 kroner.
Vi stiller huset som garanti for lånet, marknadsverdien er 500 000
kroner.
Møtet slutt klokka 21.15
Linda Landøy
- ref