Status for ryddeprosjektet i Sørværet pr. 28.07.10

 

I løpet av juli månad har 5 nye familiar hengt seg på ryddeprosjektet. Det har vorte rydda 45 kubikkmeter til med boss.

Folk melder om store mengder plastflasker for vatn, motoroljekanner og hydraulikkoljekanner. To familiar har funne flaskepostar, ein frå nokre gutar i Skottland og ein frå ei fransk dame.

Fjører som ikkje har vore rydda til no er:

18, 19,21, 25, 6 og 7 og 3. "Randsoner" kan også ryddast. Det har vorte rydda ein del i Bulandet. I Melvær har det ikkje vorte rydda enno (i samband med dette prosjektet)

Vi har budsjett til å rydde 27 sekkar til i år.

Ein får 1000 kr pr fulle sekk som blir rydda. Det er berre å velge seg ei fjøre dersom ein vil rydde. SUM kan komme ut her med to kontainarar som tek i alt 82 kubikkmeter i slutten av august eller byrjinga av september. Difor bør vi få rydda mest mogeleg til dess.  Trålposar og tau må leggast i sekkar for seg fordi slike ting øydelegg SUM sine maskiner. Dei som ryddar må frakte bosset slik at det kan nåast frå vegen. Sekkar og skjema for oppgjer får ein ved å snakke med Linda (95 77 37 68).

Magnus og Vemund i full sving med fjørerydding