STATUS FOR RYDDEPROSJEKTET I SØRVERET PR 5. JULI 2010.

8. 9. og 10. trinn ved Bulandet skule har rydda fjørene som er merka 16 og 17. Desse fjørene var svært forsøpla og elevane gjorde ein kjempejobb og no ser det veldig fint ut. Det vart samla inn 20 kubikkmeter søppel. Klassane tente nok pengar til å dra til Bergen og Oslo.
Fjørene merka 4, 5 og 8 har vorte rydda av familiar. Her har det vorte samla inn 7 kubikkmeter søppel.
Bedehusklubben på Værlandet har rydda langs vegen og i ei fjøre. Dei har samla inn ein kubikkmeter.
Det er mykje pengar att på budsjettet til rydding. Ein får 1000 kr pr fulle sekk som blir rydda. Det er berre å velge seg ei fjøre dersom ein vil rydde. SUM kan komme ut her med to kontainarar som tek i alt 82 kubikkmeter i slutten av august eller byrjinga av september. Difor bør vi få rydda mest mogeleg til dess. Trålposar og tau må leggast i sekkar for seg fordi slike ting øydelegg SUM sine maskiner. Dei som ryddar må frakte bosset slik at det kan nåast frå vegen. Sekkar og skjema for oppgjer får ein ved å snakke med Linda (95 77 37 68).
Ein treng ikkje vere ein heil familie, klasse eller organisasjon for å rydde.

8. årstrinn, lærarar og foreldre i full sving med rydding. Flott innsats!