INFORMASJON OM PROSJEKTET "RYDDING I KYSTARVEN"

 

Direktoratet for naturforvaltning sette i 2009 i gong eit prosjekt for å stimulere til større verdiskaping i og rundt verna område i Noreg. HAFS - kommunane sitt prosjekt ”Kystarven” vart eitt av prosjekta som vann fram i konkurransen om å få delta i dette.

Eit av delsprosjekta i ”Kystarven”  heiter  ”Rydding i Kystarven”. 

Sørværet naturreservat ligg på Værlandet og vart verna i 1991. Miljøvernsjef Nils Erling Yndesdal skriv dette om Sørværet i ”Miljøstatus i Sogn og Fjordane”

Før Sørværet vart verna, var dei mange sørvende buktene og vikane ynda utfartsområde for båtfolk både frå lokalsamfunnet og frå dei næraste bygdene på fastlandet. Desse ”lokale” båtturistane hadde då eigeninteresse av å rydde og brenne i dei fjørene dei sjølve nytta til rekreasjon. I dag er denne rekreasjonsbruken redusert og det er ingen som tek seg av rydding og brenning for å halde fjørene reine og fine.

Det meste søppelet kjem frå internasjonal skipsfart og i mindre grad frå båtturisme og den lokale fiskeflåten.

Lokale haldningskampanjar vil difor ha avgrensa virkning, og tiltak mot internasjonal skipsfart vil ta tid og krevje aktiv handling på nasjonalt og internasjonalt nivå. Difor er bossrydding i verneområda nødvendig i overskueleg framtid. 

Vi har no delt Sørværet inn i soner etter tilgjengelegheit og søppelmengd. Nokre fjører har vi ”reservert” til skuleklassar som vil komme hit på skuletur andre fjører er reserverte lag og organisasjonar og nokre fjører kan 'adopterast' av familiar.

Vegkantane og fjørene som kan sjåast i frå vegen på Værlandet, i Melvær og i Bulandet er ei eiga sone. Organisasjonar for yngre barn blir prioriterte her.

Søppelet vert samla i 1 m3 store sekker og ein får utbetalt kr 1000,- pr fulle sekk.

Bulandet skule har rydda fjører i nokre år og erfaringane  viser at det er mogeleg å rydde opptil 4 m3 på ein  dag utan problem. Då har vi vore 10 – 15 personar.

Kart over ryddeområdet i Sørværet og litt meir informasjon finn de her.

Dette prosjektet skal pågå i 2010, 2011 og 2012. Etter dette skal erfaringane evaluerast og vi skal i lag med DN ta stilling til korleis det skal vidareførast.

Informasjon om dette prosjektet er sendt til skulane i HAFS og til lag og organisasjonar på Værlandet og i Bulandet.

Dei som er interesserte i å delta i prosjektet, kan sende e-post eller ringe til Linda (95 77 37 68)