Konrad og Betsy (f. Høyvik) Kalvøy sitt bryllup.
Både Konrad og faren, Leonard, gjekk berre under navnet Kalvesen.

Ditta bryllupsbildet har historie frå, både Bulandet, Værlandet og inne i landa. :-)
Leonard Kalvøy, kom frå Kalvøy på Værlandet, men flytta ut i Bulandet.
Ute i Bulandet, så bygde han huset som står i Pilestredet, der Oddhild og Kristian bur no.
 
Litt info om da eg veit om Leonard Kalvøy, og huset hans i Bulandet:
Aust og vestveggen, på huset i Pilestredet,, er bygd av matriale som blei hogge fra skog i Austneset ( på Værlandet), mens resten av huset blei bygd utav rekved og alt som var for hand.
Bua er bygd utav matrialer frå Tyskerbrygga i Bergen, seiast da. Da er godt truleg, for på dei tider reiv dei masse buer i Bergen, og dei var berre glad for å verte kvitt matrialen.
"Kalvesen Skjøyta", kom no i alle fall heim, slepande med masse matrialer frå byen, som da vart stor bu utav.

Konrad, som er brudgom her, vaks opp i huset i Pilestredet.
Etter at han blei gift, so veit eg lite om han, anna enn at han var flink til sy segl.
Heimesideskrivaren huska, at han i sine svært unge dager, såg ein mann med litt deformert ansikt og med eit auge.
Det var nok Konrad, han blei nemlig sterkt skada av eit flyangrep under siste verdenskrig.

Er da nokon som har meir informasjon om "Kalvesen", så tek heimesida gjerne imot da. :-)

Ellers må da nemnast at nummer 21 på bildet, Margit Grane Halsøy, er mor til Anbjørg Halsøy. Lærerinna som sterkt har medvirka til at alle oss i 40-50 åra, i Bulandet, har vorte vetige og gode samfunnsborgarar.

Bryllupet var i Askvoll kyrkje i 1930.

Stor takk til Anbjørg og Håvard Halsøy, som har lagt ned mykje arbeid med å navnsette gjengen.




 
1: Astrid Kalvøy, 2: Dorthea Kalvøy, 3: Johanne Kalvøy, 4: Leonard Kalvøy, 5: Konrad Kalvøy, 6: Betsy Høyvik Kalvøy, 7: Anne Petrine ( Antina) Høyvik, 8: Asbjørn Høyvik,
9: Allert Høyvik, 10: Einar Grane, 11: Bernhard Grane, 12: Olav Høyvik, 13: Ludvik Høyvik, 14: Ukjend, 15: Bertine Høyvik, 16: Kolbein Sellevoll, 17: Ukjend, 18: Anna Heggøy,
19: Anna Sellevoll Gjesdal, 20: Ukjend, 21: Margit Grane Halsøy, 22: Johanne Grøneng, 23: Ukjend, 24: Sokneprest, Oskar Lyngstad, 25: Bjarne Høyvik, 26: Maria Høyvik,
27: Jørgine Sandøy, 28: Kolbjørn Sandøy, 29: Anton K. Sandøy, 30: Dagfinn Høyvik, 31: Peder Grane, 32: Bernt Høyvik, 33: Kolbein Sellevoll, 34: Laurits Høyvik, 35: Kristoffer Sellevoll, 36: Ukjend, 37: Vilhelm Gjesdal, 38: Magnus Gotlebsen, 39: Søren Gjervik, 40: Salmon Vasset, 41: David Høyvik, 42: Teodor Sellevoll, 43: Ukjend, 44: Ukjend, 45: Ukjend,
46: Ukjend, 47: Ukjend, 48: Ukjend, 49: Dagny Gjesdal Høksvoll, 50: Ukjend, 51: Kamma Høyvik, 52: Ingeborg Høyvik, 53: Ukjend,