Filminnspeling i Bulandet er i full gang.

Her er litt bilder frå filminnspelinga i Bulandet. Meir tekst og meir bilder vil komme etter kvart.
Ein god film treng dyktige filmfolk, dyktige regiassistentar og  dyktige statistar.
Her er litt bilder som viser ei blanding av heile denne dyktige rua av folk.
Håper da er fleire som kan bidra med bilder. :-)

 


 

Filminnspeling i Bulandet!!!

Vi kjem ein gjeng frå Den norske filmskulen i Lillehammer og skal spele inn ein film to veker i februar / mars.

Filmen heiter «Framand Fisk» og er ein lun komedie. Den handlar om Margrethe og Dag-Gunnar, eit ektepar i femtiåra, som driv ein kafe på bryggja. Ein gong i veka kjem det eit busslast med tyske turistar innom for å ete den velkjente fiskegryta til Margrethe, som ho tvingar dei til å bestille før dei får lov til å benytte seg av toalett-fasilitetane på kafeen. Oppskrifta til fiskegryta har ikkje Margrethe forandra på sidan den gongen Dronning Sonja var på besøk og skraut vitterlig om den. Men det er snart 15 år sidan.

Så ein dag flyttar eit ungt par inn fiskemottaket ved sidan av og opnar ein sushi-bar. Dette har ingen trua på. Sushi-bar, her ute? Nei, det kjem aldri til å gå, tenkjer Margrethe. Men når sushi-baren tiltrekk seg dei tyske turistane Margrethe alltid har tatt for gitt, går det opp for ho at sushi-baren har komt for å bli. Men slik kan ikkje Margrethe ha det. Kven trur dei eigentleg at dei er? Margrethe ser seg nødt til å ta opp kampen mot denne «nye» måten å ete fisk på.

For det meste kjem vi til å filme på kafeen og fiskemottaket på Nikøy ,
(som med filmkulissar skal gjennom litt av ei forandring!!!), men vi kjem óg til filme rundt omkring i den spektakulære naturen i Bulandet og Værlandet.

Filmen skal visast på NRK til sommaren, og bli gjett ut på DVD. Dessutan tek vi sikte på å ha ein premiere på kinoen i Værlandet til sommaren!

Vi sjåast snart :)

Helsing filmcrewet frå Lillehammer

Viktig meldig fra regiassistent Pernille!


Til denne filmen trenger vi massevis av statister! Folk i alle aldre og fasonger. Det trengs ingen erfaring med verken film eller teater, bare godt humør og tid.
Om du synes det høres ut som et spennende prosjekt eller bare simpelthen er nysgjerrig på hvordan en filminnspilling fungerer; ikke nøl med å ta kontakt! Tips gjerne naboen om oss, eller oss om naboen. Når det først foregår filminnspilling så langt ute til havs, så det gjelder å få det med seg.
Er du interessert eller vil ha mer informasjon, så er det bare å ringe til Pernille Rivedal Hellevik på tlf. 47 83 21 19. Man kan også sende e-post til pernille.hellevik@gmail.com. Håper mange har lyst til å være med, vi gleder oss veldig til innspilling!
 


Konsept-tegninger fra scenografen. Forslag til fasade på en sushi- bar. Det er fiskemottakets side som vender mot kafeen denne fasaden skal ligge på.
 


Konsept-tegninger fra scenografen. Forslag til hvordan det skal være i kafeen den dagen det skal arrangeres swingkveld