So har nok ei dame frå Værlandet vore utsatt for skremmande nærkontakt
med ville dyr.
Sist so var da ho Linda og han Gunnar som vart
forulempa utav høna hennars Eva Landøy.
Vegen mylja Værlandet og Bulandet har vorte
kåra til Noregs vakraste veg 2006, og da er både folk og dyr her ute
i øyane heilt einig om at er vel fortjent. Problemet er berre at begge
arta vil nyte synet av vegen samstundes.Her forleden morgon kom ho
Bjørg Landøy kjøyrande i all fred og fordrageligheit ut øve frå
Værlandet og til jobben på Fiskeindustrien i
Bulandet. I baksetet sat ho Therese og ho Regina å slappa av, framme sat
Agnar og slappa like mykje av.
Alt gjekk fint fram til brua øve Indre Melværsundet, da vil sei dei kom
seg øve brua før dramatikken starta.
Ho Bjørg styrte støtt langsmed vegen med si sedvanlige stø hand, og
Agnar gjorde seg klar til å konversere litt. Jentene i baksetet sat å
kosa seg øve den fine morgonen, og so gledde dei seg voldsomt til å
komme på jobb for å skjere av halebeinet på ei brosme eller to.
Alt var som da pledde være ein tidlig november morgon.
På andre sida av vegen står ein kvinnelig hjort å lure på om da er fort
gjort å passere dinna flotte vegen utan at nokon merka da sånn på
morgonkvisten.Da er midt i jakt tida so hjortedama er nok ekstra
forsiktig, men driftene til å komme øve vegen tek itte kvart øvehand. Da
er sikkert litt ekstra spennande å utfordre skjebnen når ho ser ein
blank og fin bil komme sigande imot. Ho har nok høyrt om månge andre
tøffinga innafor hjortebransjen som har komme øve dinna flotte vegen
utan å få ei skrame, trass i at dei har kollidert med brannbila og andre
blanke fine ting.
Alt var som da pledde være ein tidlig november morgon.
Då vart da so at dissa to historiene smelta saman i eit skikkeligt
inferno.
Hjortedama kasta seg øve vegen samstundes som ho Bjørg kom sigande med
sin blanke fine bil. Hjortedama var skikkelig uheldig og plasserte ræva
si midt i fronten på bilen til Bjørg. Dei kvapp like mykje begge to, men
heldigvis so var da hjortedama so var mest trengt. Ho slepte da meste
utav tarminnhaldet øve fronten på bilen, mens den stadigt gravande
heimesideskrivaren ikkje har funne tegn på at da same skjedde inni
bilen.
Konversasjonen hans Agnar stoppa opp og da vart stilt i bakseta.
Alle storma ut for å sjå korleis ditta hadda foregått seg.
Ho Bjørg kunne fortelje att hjorten for hedukatedu bort øve vegen, itte
at dinna mannlege heimsideskrivaren fekk studert
dialekta på dinna heimesida so skjønte
han kva hjorten hadde gjort.
So gjorde ho Bjørg alt rett, ho tilkalte dei so har greie på hjortejakt,
og so for ho på jobb med resten av gjengen
Dramatikken kan ein ellers sjå dokumentert på bilete under her.
Han Gunnar, som og er ein habil hjortejegar, kom til staden og fekk
stadfesta at den mest alvorlige tildragelsen her var ein hjort med tomme
tarma, og ein blank fin bil som ikkje var so blank lenger.
Nokre veker før hadde brannbilen vore på utrykning og fått same bakenden
øve panseret på same staden. Da er vel å merke ikkje sikkert at da var
same bakenden, men resultatet vart da same.
Uansett so får ein være forsiktig når ein kjøyre på dinna flotte
vegen vår. Da er ikkje berre menneske so synest at ditta er ein perfekt
veg å frekventerte.
Her er skumle bilete fra tildragelsen. |