Alden

Alden er ikkje ein del av Bulandet men høyrer til nærområde.
Høgste punket på Alden er 481 meter og det går ei grei turløype opp dit.
Ein tur på Alden kan anbefalast.
Går ein nordover frå varden på Aldetoppen kan ein sjå nokre kløfter som er
so djupe at eg ikkje torer å tenke på kor djupe dei er.
Fasinerande er dei, men gå ikkje der i skodde og pass på ungane.

Alden er av ein heilt annan bergart enn lenger vest. Alden er resten av det opprinnelige
grunnfjellet, alt rundt blei skurt vekk av isbreane  i istida.
Bulandet består at småstein og grus som isbreen drog med seg vestover, såkalla konglomerat.
Geologane seier at Bulandet er restane av Sognefjorden. Vi får satse på at da er dei beste restane.
Nok om det, her er bildearkivet.

Du må klikke ein gong på bilda for å sjå korleis dei ser ut i
i virkeligheita.

Alden i vinterdrakt, vinteren 2009/2010. Sissel Værøyvik er fotograf.

Jofrid og Jardar står og drøser øve hagegjerdet i Alden, ein flott vårdag. Bildet er teke 13. mai 2010.

Jelet i Alden. Her ser vi Jardar i fullt driv nedøve Jelet, mens han mimra øve gamle dager. Bilde er teke 13. mai 2010.

Dei grå buskene ein ser her, er Birgittelunden i Alden. For ikkje så mange tiår sidan var denne lunden grøn og frodig, og da stod ei stor eik der. Eika datt nok ned under ein storm, og lunden ellers visna då vekk. Sagnet seier at, om du fekk med deg ei jente du hadde kjær, hit til Birgittelunden, so vart ho kjær i deg og, og du beholdt ho resten av livet. Jardar og heimesideskrivaren passerte Birgittelunden i god avstand, vi ville ikkje teste ut gamle sagn, i tilfelle da ikkje gjaldt berre jente og guta. Bilde er teke 13.mai 2010.

Gjøsteinen i Alden. Ei gammel gravrøys med ein bautastein.

Meir historie rundt gravrøysene og bautasteinen kan ein lese om på heimesida. Sjå på "Historie" frå 16.08.09. Dette bilde er teke 13. mai.2010.

Rett bak da som er merka rødt her, ligg Futagytten i Alden. Her kom futen og hjelparane hans, roande frå land om natta, og så la dei båten opp i denne jytten. Når da lysna om morningen kikra dei på folket i Alden. Såg dei berre damer, drenger og tjenestejenter så kom dei for å kreve skatt. Såg dei at alle karane i Alden var heime frå fiske, so venta dei til kvelden igjen, og so rodde dei tilbakers til fastlandet. Bildet er teke 13.mai 2010.

Alden sett frå ferja

Siri nyt eit glas med eit eller anna på toppen av Alden. Da er sjelden å sjå eit bilde med so flott bakgrunn og vel so flott framgrunn

Alden, bilde teke sørfrå

Alden frå ein litt annan vinkel.

Høgste punktet på Alden sett frå Aldevågen.

Her ser ein vestover frå toppen av Alden.

Værøy klettane sett frå toppen av Alden.

Marianne og Martine på toppen av Alden ein sommerkveld.Skodda ligg lavt men her oppe er da strålande sol og trollsk stemning.

Alden og øyane vestafor. Bilete teke frå Aralden.

Nei da, bilete er ikkje frå ei gresk strand. Du ser Alden i bakgrunnen. Da er fleire sånne fine strender rundt Alden.

Bilete har vel ikkje so mykje med Alden å gjere, men koseligt er da no for det.