Reportasje frå då skiltet "Sjå deg ikkje attende" blei overlevert.
 

Skiltet på ferjekaien i Værlandet der det står "Sjå deg ikkje attende" vart høgtidelig overlevert, frå kunstnaren av verket Anders Tomren, laurdag den 23. september 2007.
Gunnar Bendigtsen, som har laga masta kunsten heng på, var til stades og.
Kultur og næringssjef i Askvoll Per Arne Tveit, Værlandet Vel, Bulandet Grendalag og masse bygdefolk hadde møtt fram for å overvære overrekkelsen.

Ellers var det 4 representantar frå Nordisk kunstnarsenter Dalsåsen.
Her er ein liten presentasjon skriven av direktøra sjølv, Elisabet Gunnarsdóttir.

"Nordisk kunstnarsenter Dalsåsen – nkd er produsent for utstillingen NorseFerryTales 2006-2007.  Skulpturen på Bulandet ”Sjå deg ikkje attende” som er laga av kunstnaren Anders Tomren var med på den utstillingen.

 

nkd tok initiativ til utstillingen, planla den, finansierte den med hjelp frå m.a. Norsk Kulturråd, inviterte deltakarane til Sogn og Fjordane (og ut til Bulandet/Værlandet), og er ansvarlig for hele prosessen.

 

nkd som driver gjesteatelierverksemd og forskjellige prosjekter innom visuell kultur (kunst, design og arkitektur) har vært i drift i nesten 10 år.  Prosjektet NorseFerryTales ble gjennomført med tanke på formidling av det beste som skjer innom samtidskunst og design ut til lokal befolkninga med plassering av installasjonar på ferjer og ferjekaier i heile fylket.

 

Tilstede ved overrekking av kunstverket  ”Sjå deg ikkje attende” på laurdag 22. september var:

 

Elísabet Gunnarsdóttir direktør på Nordisk kunstnarsenter Dalsåsen – nkd og ansvarlig for prosjektet NorseFerryTales.

 

nkd-kunstnarane:

 

Vibeke Jensen Norge/USA

Ewa Kulesza Polen

og

Inger Lise Hansen kunstnar frå Oslo"

 

Her kane ein finne litt meir informasjon:

www.nkdale.no 

www.norseferrytales.no

Heimesideskrivarane har fått seg avansert kameralinse, som vi foreløpig låne, men som vi vurdera å kjøpe for sponsormidlar vi har fått til heimesida. Da her er den første reportasjen dar den nye linsa er i bruk.
Difor har fotografen gått litt berserk med fotografering, og da finnast omtrent tusen bilde til som ikkje har komme med.

Astri Thorsen Landøy har og teke nokon av dissa bilda her, om enn med ei noko mindre linse.

 


Du må klikke ein gong på bilda for å sjå korleis dei ser ut i
i virkeligheita.

 

Skiltet er klargjort for sermonien, da er berre den røde sløyfa som mangla.

Frå høgre: Bjørg, Erna, Linda og Kurt ventar spent på ferja med alle dei prominente gjestane. Jardar lengst til venstre gomler avslappa på ein vaffel og nemner noko om eit dikt av Andre Bjerke som kansje kunne høve til anledninga, han hadde vistnok hørt diktet for ein 20-30 år sidan.

Linda og Astri venta på ferja med gjestane

Her har gjestane komme. Fra venstre: Astri, kunstnaren Anders Tomren, Linda og Vibeke Jensen og Inger Hansen frå Dalsåsen

Gunnar Bendigtsen, som har laga masta, og Linda

Kunstnaren Anders Tomren, mastemakar Gunnar Bendigtsen og ho Linda

Den mannlege heimesideskrivar og fotograf viser stolt fram den nye linsa. Bak står Per Arne Tveit og administrerar for harde livet i mobilen.

Her er linsa montert

Journalist Anne Britt får lov til å kjenne på utstyret til den mannlege heimesideskrivaren. Ho vart mektig inponert, da var noko av da største ho hadde hatt i hendene.

Sånn ser ein administrerande kultur og næringssjef ut når han verkeligt administrera. Ditta er da fyrste motiv som vart fanga opp av den nye linsa. Om ikkje da vakraste som var å finne i omgivelsane, so da nærmaste.

På Høkletten stod da folk klar til å bivåne overrekkelsen

Øve haue på oss so sirkla da ei ørn som lurte litt på kva vi rota med dar nede på bakken.

So stimla da til med folk mot skiltet.

Dei små hadde allereie dandert seg på orkesterplass.

Margrethe Henden Aaras og Kari Bengtson frå Førde Kammerkor har begynt å varme opp stemmene

Den røde sløyfa har komme på plass og alt er klart til seansen.

Linda held tale om historia bak skiltet og mykje anna klokt

Alle lytta andektigt til talen hennars Linda

Kunstnaren er godt nøgd med talen til Linda

Jardar sa diktet av Andre Bjerke, som han hadde hørt for 20-30 år sidan. Diktet var vel på rundt 20 vers, og Jardar kunne alt på rams. Da er utruligt ka so befinne seg oppe i haua på den fyren Alle var like imponert, spesielt vi som viste at ditta ikkje var forberedt og berre var ein ide i mylja to togge med vaffel.

Kunstnaren Andres Tomren held tale om korleis han hadde fått ide til skiltet og prosessen vidare.

Kunstnaren og skiltet

So held kultur og næringssjef Per Arne Tveit tale. Han var høglytt imponert øve engasjemanget til øyabuarane, og litt stillfaren når da gjaldt da økonomiske bidraget frå kommunen

Vår lokale journalist, Anne Britt, fekk med seg alt. Ho skreiv so blekket skvatt. Heimesideskrivarane er ikkje so nøgne på å skrive opp, so da hende seg vi dikta litt i ittekant, men da håpa vi no att folk bære øve oss med.

Da var ikkje alle so hadde fått med seg att her føregjekk da seg ei høgtidelig anledning. Ingen let seg kave opp med da, so stakkaren måtte no berre rygge itte kvart.

So held dei to flotte representanta frå Førde Kammerkor ein liten operaforestilling. Da var ein katteopera, og teksten var sånn att alle skjønte da.

Anne Britt kjempa med å finne eit godt motiv med dinna små vesale kameralinsa si. Men ,som den mannlege heimesideskrivar godt kjenne til, da er mykje godt arbeid ein kan gjere med lite utstyr.

Leiarane i Bulandet Grendalag og Værlandet Vel, Heidi og Linda, gjere seg klar til å overrekke gaver. Heidi les eit kjempeflott dikt ho har skreve.

Bente Sandøy Hillersøy har laga flott glaskunst, som kunstnar Aders Tomren her får overrekt.

Mastemann, Gunnar Bendigtsen, får og overrekt glaskunst frå Bente

Kunstnaren Anders og mastemann Gunnar blei so fornøgd med gavene at da vanka masse klemma på jentene.

So vart dei so imponert øve dei strålande vakre og flinke jentene vi har her ute i øyane, at dei måtte få med seg nokre personlige bilde og.

Heidi og Linda omsverma av fornøgde mannfolk, og da ser ut som om dei trivast med da.

Etter seansen med skiltet var da kunstkake på butikken. For anledninga var alt lys kopla ut, på grunn av ein defekt lyn-nedsleien trafostasjon inne på Atløy. Men da tolka alle som god stemning, nærmast julestemning. Alle var i grunn godt nøgd med bidraget til stemninga, men håpa no på at da vert meir tøveir og mindre lyn og torden i framtida.

Astri deler ut kunstkake til alle som vil ha.

Her sit kafe'en på Værlandet full av folk som venter på kunstkake og på at lyset skal komme att.

Ein var skikkelig heldig med veiret, so da gjekk fint å nyte kunstkake og kaffi utandørs og.

Den lokale journalista, Anne Britt, i fullt arbeid med intervju. Den mannlege heimesideskrivar vart intervjua og, men han var so oppteken med å profilere utstyret sitt at han er no ikkje sikker på kva han svarte. Ikkje kva han blei spurt om heller for den sags skuld.

So kjørte heile gjengen mot Bulandet for å sjå damene på Hillersøyna og besøke Galleri Havblink. Da dukka no opp nokre havørner på veien, som berre måtte fotograferast når linsa var for hand.

Her er da stopp på Olssundbrua for å nyte utsikta, og få litt info om kva slags fjell og nabba som er i område.

Astri fortel kunstnaren Andres om alt han ser og alt han ikkje ser bak alle fjell og nover.

Linda fortel Gunnar om alle merkverdigheiter han må ta bilete av.

Rune Thistel fortel om kvifor vi har skulptura av to damer sør på Hillersøyna, Berte og Hansine som vi er so stolte av.

Alle lytta andektigt til kva Rune hadde å fortelje

Her har dinna mannlege heimesideskrivaren testa linsa fra ein haug langt vekke. Da er ei skikkelig god linse, og ein ser at da bles godt. Men da er litt vanskeligt å be alle stå i ro og smile til fotografen når dei knapt nok ser han.

So er heile gjengen hos ho Vivian på Galleri Havblink

Her fortel Vivian om korleis garveprosessen av fiskeskinn virka. Da vart og tydelig for heimesideskrivarane at eit sopass stort utstyr som den mannlege heimesideskrivar no var utstyrt med, passa seg best ute i friluft. Men da meste ordna seg nok med litt trening og ei nennsam hand fant vi ut.

På tross av at lyset hadde vore vekke mesteparten av dagen, og at heile bulkegjengen var fleire tima forsinka so klarte, so hadde Værlandet Båt fiskesuppa klar. Men først måtte ein no sjekke korleis ingrediensane hadde da i akvariet, og so måtte ein sjekke navnet på dei kommande ingrediensane.

Gry forheld seg rolig og proffesjonelt til alle svoltne gjesta, trass i at ho skal på korøvelse om 5 minutta og lyset er vekk. Attpå alt so har ho fått beskjed om at da kjem 7 gjesta, og so ramla da inn 16. Ho hadde berre tid til ein rask kikk på utstyret til heimesideskrivaren, før ho forsvant med eit tydelig imponert glimt i auga.

Mor Margunn kava seg ikkje opp i da heile om da ramla inn dobbelt so masse gjesta som da skulle, eller om heimesideskrivaren har eit større utstyr enn kva han mestra. Alle blei mette og godt fornøgde.

So tek heile gjengen ein skål i klart kjeldevatn. Som da sikkert nok ein gong går fram, so passa sånne linse seg best utandørs. men da lære vi etter kvart.

So er da tid for farvel. Alle var einig om at ditta hadde vore ein skikkelig kjekk dag.