Nokre bilder frå då Airlift var i Sørværet og henta boss.

Lørdag 28.03.09 var Airlift i Sørværet og henta bosset som blei samla inn ein månad tidligare. Astri Thorsen Landøy er fotograf.
Da kjem kanskje meir tekst seinare.

Ein må klikke ein gong på bilete for å få dei større.
 

Lita reportasje om rydding i fjærene i Sørværet 28.02. 2009.

Airlift har fått løyve av miljøvernavdelinga hos Fylkesmannen til å hente bosset i Sørværet med helikopter, men dette må skje innan utgangen av mars månad. Vi hadde sett opp fleire datoar for ryddeaksjonen, men værgudane hadde bestemt seg for ikkje å sjå i nåde til oss. I dag trassa 15 av dei barskaste  bulenningane og værlenningane værgudane og på 3 timar vart det rydda 4 fjører og over 10 kubikkmeter boss vart innsamla. Det er utruleg godt jobba!

Eit kvikt overslag viser at det då finst i gjennomsnitt 2,5 kubikkmeter boss i kvar fjøre i Sørværet til ei kvar tid....
 

Ein må klikke ein gong på bilete for å få dei større.
 

Ryddegjengen er samla i Kleivavågen. Per Vidar har studert fjærene på førehand og har masse å fortelje om kor da ser verst ut. Her er da mykje planlegging på gong. Alle er ivrige og med masse godt humør, trass da sure veiret. Da er ikkje lett å stoppe ihuga naturvernarar når dei fyrst har sett seg noko i haue.

Planlegginga er ferdig og gjengen er klar til avmarsj. Per Vidar og Peter tek med seg ein sekk for å tømme ei fjære lenger inn i Sørværet, mens resten av gjengen, med Linda i spissen, set kurs mot Olanes- fjæra.

Kurt'n var litt dårlig til beins sidan han nett har fjerna gipsen frå ein broten fot, so da gjekk litt treigt med han. Når han endelig hadde klart å putle seg fram til Olanes-fjæra så var dei andre i full gong med å fylle sekk nummer to. Da var nok å ta tak i.

Kari Helen er eit skikkelig rivjern til da meste, søppelplukking i Sørværet inkludert.

Det var mykje plast i alle varianta å finne, inkludert lange avløpsrøyr. Da gjekk fort å fylle i ein sekk, trass i at mykje var skjult under snøen.

Linda viser fram litt av dei ulike variantane av plastprodukt ein finn i Sørværet. Da er multinasjonale bidrag til forsøplinga der, her ein chipspose frå England.

Sjokoladepapir frå Frankrike.

Eit eller anna som egna seg godt til å lage kake med, frå Irland.

Noko sunne diett greier frå Nederland, men ikkje so sunt for fjærene i Sørværet.

Litt assortert utvalg frå Newcastle.

Noko mystisk frå Island. Da inneheld både "Fiti" og "Kolvæta" i alle fall.

Noko " Sosa Caustica" frå Spania.

Ein støvel frå Tyskland.

Litt Thaimat frå Skottland.

Lene med eit lite utvalg av dagens søppelfangst.

Til og med ihuga naturvernarar treng mat av og til. Alt søppel frå etinga vart sjølvsagt kjeldesortert og frakta tilbakers til søppeldunken heime. Dei fem nærmaste er frå venstre Kari, Even, Anja, Lise og Marlene.

Asbjørn sit i lyngen og nyt ein bolle mens han myser utøve terrenget for å sjå om han ser noko søppel kan hive seg øve når han har fått i seg maten.

Sondre og Lene får seg litt varm sjokoladedrikk hos Magni. Dei to minste i fylje var skikkelig ivrige og flinke, og her har vi nok med to robuste framtidige naturvernarar å gjere. Da vert nok ikkje mykje plast som havna i naturen når dissa to er i nærheita.

Kari Helen tek seg ein velfortjent matbit.

Linda sit og koser seg med ei skjeve. Bengt ser på, enten Linda eller skjeva, med eit skikkeligt svoltent blikk.

Sauene i Sørværet såg ut til å sette pris på å få besøk av iherdige naturvernarar.

Kari og Lene servere sauen nokre gode prima boller.

Sauene var sopass fornøgd med naturvernarane at dei fulgte oss so langt dei kunne, før dei stoppa opp og ønskte oss vel heim.