3. september 2011, Pulsrunden på Værlandet..
 

Pulsrunden laurdag 3.september. Ein våt suksess!

20 deltok i mosjonsløpet på Værlandet, det var meget bra i det dårlege
veret. Løypa på 5 km vart ekstra krevjande når regnet ausa ned og gjorde det
særs tungt og glatt å ta seg fram.
Brian Landøy var den aller raskaste. Tida 24,17 min var ein meget sterk
prestasjon. Gratulerar til Brian og til alle dei andre som gjennomførte
løpet!
Stor takk til Frank som stilte med ambulansebilen(som vi heldigvis ikkje
fekk bruk for)og til Torhild og Rune som igjen har gjort ein kjemejobb med
rydding og slåing av løype. Takk og til Audun og co.som stilte lokalet til
disposisjon, ein høveleg plass å ha start og målgang.
Det vert ein ny Pulsrunde når løypa har tørka opp og vi får godver:)

Værlandet idrettslag