Pressetur 12. og 13. august 2011

Ein bitteliten reportasje om ein pressetur som besøkte Bulandet og Værlandet 12. og 13. august .
Pressen bestod av 7 journalister frå Tyskland og Tina Fraune frå Innovasjon Norge.
Så hadde dei med seg Sara Marie Ytrøy, frå FjordKysten, som passa på dei.

Journalistane representerte diverse aviser og tidsskrift i Tyskland, som har ei total lesargruppe på over ein million mennesker.

Grunnen til at da vert ei heimesidereportasje av denne seansen, er stort sett sjølvskryt :-) Pluss ein del personlig involvering.

Sjølvskrytet består i att, eine journalista faktisk har såte nede i Frankfurt og lest heimesida vår.
Ho kan ikkje norsk, men har allikevel opplevd at "Heimlengt Sida " på heimesida til Bulandet og Værlandet er nåke spesielt. Dialektoppretting og bilder for dei som lengter heim. Det der var vist nåke unikt stoff.
Korleis ho har oppdaga heimesida og "Heimlengt Sida" har ikkje vi peiling på, men vi vart skikkelig krye når vi fekk vete om da.
Så då stilte sjølvsagt heimesideskrivarane opp til eit fleire timers djubde- intervju, som fremdeles ikkje er ferdig. Fleire spørsmål er vist underveis på mail.
Ikkje nok med da, men Andrea Freund, som journalista heiter, skriv for Tysklands tredje største avis. ( I alle fall som da står på dinna Google)

Når da gjeld personlig innvolvering, so var no dinna mannlige heimesideskrivaren utskremt guide for anledningen.
Eg hadde da no skikkelig kjekt, men korleis journalistane hadde da, er eg ikkje sikker på. :-)

Da eg beit meg merke i, er at sjølvsagte ting for oss, er store ting for folk frå millionbyar.
Nokre turrfiskar på veggen til Fredrik i Alden, vart ei heil studie og aldri har so lite fisk vorte fotografert so mykje, so vidt eg veit om.
For ikkje å snakke om at Fredrik heldt på å koke sjøkreps når vi var i Alden. Fredrik er raus, og sa at da berre var å smake.
Heimesideskrivaren renska gloheit sjøkreps for harde livet, mens journalistane var øve seg tå begeistring. Her er da i alle fall ett stort marked, da var no tydelig.
Når vi kom tilbakers til Værlandet Båt, so ramla omtrent heile rua av journalista ihop på gångveien. Eg var redd da var ett eller anna skummelt syndrom dei hadde fått på turen, men da var rett og slett ei helt vanlig sjøstjerne som låg i vasskorpa som dei skulle fotografere.
 

Klikk ein gong på bileta for å få dei større

Gjengen med journalista har nett komme til Bulandet og Nikøy AS. Litt forvirra, men ved godt mot.

Her er ho Andrea Freund, som har funne heimesida helt dar nede ifrå Frankfurt.

Når da er mange fine jenter, og mykje god mat, så er da ikkje skjeldan at Per Arne Tveit dukka opp. Ditta tilfelle var ikkje nåke unntak.

Etter maten så var det sykkeltur til Værlandet Båt. Heimesideskrivaren prøvde å tøffe seg med Per Arne før sykkelturen, men jammen fekk han svar på tiltale. Per Arne både sykla fortare, prata fortare og prata klokare enn noken som helst heseblesande standin-guide.

Norges vestligaste kyr måtte sjølvsagt fotograferast. Desse kyrna var ei stund verdens vestligaste kyr, men etter nokre ekle spørsmål måtte eg og Per Arne innrømme at da var nok Norges vestligaste kyr.

Ho Andrea frå avisa "Frankfurter Allgemeine Sonntagszeitung" lurer på korleis ho skal få heimesideskrivarar til å sjå nogenlunde ut på bilde.

Etter intervju og fotografering, so vart da ein halvtimes follfart kjøyring igjønna sunda i Bulanda.

Lørdags morgen så var da tur til Alden, med verdens blidaste sjåfør.

Da er ikkje farlig å gå til fjells, når en har ei so stødig fjellgeit fremst. :-)

Gjengen kjem sigande etter.

So må eg berre innrømme at da var kjekt med litt pausa underveis.

Når vi kom på toppen, så vart da fotografering i alle baua og kanta.

Ein utsleten gjeng i Værøyhavna, mens dei venta på god mat.

Heimesideskrivaren var sikker på enn fredelig kveld etter ein tur på Alden. Neidå, litt mat i skrotten, så var det å utforske Nordsjøløypa. Som ein ser så vart den utforska til minte detalj.