Heimesideskrivarane prøver Stormhaugen Velvere.

Heimesideskrivarane Kurt og Linda har vore hos Ragnhild på Stormhaugen Velvere for å teste ut fasilitetane der.
Linda hadde nokre småbustete legga som skulle verte glatte og fine, og Kurten hadde nokre føter og tær som ikkje såg ut.
Prosessen fram til at begge heimesideskrivarane vart trakkande fulle av velvere og skjønnheit er dokumentert under her.

Ragnhild Strømsnes Norstrand driv Stormhaugen Velvere og det ligg på Kjempeneset, fyrste huset når ein svinga ned til kyrkja.
Ragnhild tilbyr fotpleie, handpleie, hårfjerning, lakkering av negler, støyping av negler og augevippe forlengelse ( eller extension som da heiter sånn profesjonelt).
Treng du verte finare og fjongare og få deg litt velvere, så treffe du Ragnhild på telefon 476 17 200.

Heimesideskrivarane var godt fornøgd med opphaldet og kan anbefale da på da varmaste.
 

 

Ragnhild tek godt imot oss, og fortel om dei ulike prosessane vi skal gjennomgå på vår vei til velvere og skjønnheit

Her er ei samling med lause negler med flotte motiv på

Da er motiv for ei kvar anledning.

Her ser ein leggen til Linda før behandling. Da var ikkje so mange hårstubba å sjå, men vekk skal dei

Før hårfjerning so er da desinfeksjon av dei hårete områda

Her er varmemaskina som varmar opp voksen som skal smurjast på dei småhårete leggane til Linda..

Her vert voksen smørt på

Når voksen har størkna litt so legg Ragnhild på ei papir som ho slit av igjen i rasande fart. So heng håra att i papiret. Da var ikkje so ilt sa Linda, da var berre på første draget ho kom med eit lite danna hyl

Leggane til Linda er heilt ribba for hårstubba, og her får ho på noko olje.

Linda var skikkelig godt nøgd med resultatet. So godt fornøgd var ho att resultatet måtte fotograferast so har eit minne om då ho var heilt hårlaus på leggane.

Her ser ein noko av utstyret ho Ragnhild bruka for å få folk skikkelig fine. Da er avanserte greier

Her er noko som ho Ragnhild bruka for å lage augevippa

Kurten lurte fælt på kva slags hår som skulle forlengast med da som var oppe i dinna posen. Mange interessante tanka og syn svirra oppe i haua hans, men so vist da seg at da var berre augevippa som vart forlenga med ditta.

Ragnhild held oss oppdatert på alt som skulle skje og på alle valgmogeligheitane vi hadde når da gjald å verte fine, fjonge og nyoppussa. Da var ikkje småtterier.

So er da leggane til Kurt som skal til pers, og her er da mange og lange mandige hår å ta føre seg. Linda skal få prøve seg som hårfjernar, og da ser ut som ho ser fram til seansen

Linda smør godt med voks på den maskuline leggen til Kurten

Linda har festa legghåra til Kurten på papir og slit til med ei besluttsom hand. Da kjem eit lite danna hyl frå Kurten, mens hårsekkane på leggane får ei traumatisk opplevelse. Kurten synest at han skimta eit lite skadefro glis dar bakom munnbindet

Den maskuline leggen til Kurten virka plutselig ikkje fullt so maskulin lenger

So skal Kurten klargjerast til skikkelig pedikyr behandling, då han har nokre føte og tær som verkelig treng ei øvehaling

Kurten sprike med tærne og nyt fotbadet. I fotbadet er oppkvikkande godluftande urter, og føtene nyt livet

Fotbadet er unnagjort og Kurten er skikkelig klar til behandling

Da er eit slit å være ein stadigt nyheitsgravande heimesideskrivar, og slik ser slitne heimesideskrivarføter ut på undersida

No skal dinna maskina i bruk. Den nyttast når negler skal pussast og hard hud under føtene skal omvandlast til fløyelsmjuk hud

Fyrst gjere Ragnhild seg kjent med arbeidsmatrialet mens ho masserar dei slitne heimesideskrivarføtene

Tærne får skikkelig god behandling mens Kurten fortel om alle dei traumatiske opplevelsane disse føtene har hatt. Foreksempel so har høgre storetå vorte spikt i tre dela av ein tømmerstokk

Ragnhild startar med å dandere tåneglene til Kurten, her file ho vekk dei skarpaste kantane. Heimesideskrivaren dandera sine eigne tånegle ved å bite dei av, so da er litt ujevnt her og der.

Ragnhild gjere klar ein liten drill for å få neglene skikkelig fine

Her er Ragnhild i full sving med drilling av Kurten sine tånegle. Da var ikkje ilt i da heile, men da kitla heilt opp til knerne

Trass i da tilfredse fjeset til heimesideskrivaren so kitla ikkje drillinga lenger opp enn til knerne altso

Her er da ein grovare drill som må til for å få bukt med dei verste skavankane

Etter filing og drilling vert føtene skrubba med salt frå Dødehavet

Slik ser Dødehavs salt ut

So skal Dødehavssaltet godgjere seg ei stund. Heimesideskrivaren nytta tida med å bolse av kor flink han er til å sprike med tærne, jammen godt han er ekspert på noko han og

So er da ny vask av dei slitne stadigt nyheitsgravande heimesideskrivarføtene, denne gongen er da saltet som skal av

So er da tørking før neste steg i prosessen

Neste steg er parafinoljebad. Her ser ein den oppvarma parafinoljen som føtene skal godgjere seg i. Da var skikkelig godt og varmt å stappe føtene opp i her

So vart føtene smurt inn i godgjerande salve.

Da vert ikkje spart på salven

So vert føtene pakka inn i plast for att dei skal få godgjere seg skikkelig

Og da er ikkje nok med plastikk, dei vert innpakka i handkle og. So er da å sitte å la føtene få marinere seg ei stund. Dei blei skikkelig varme og gode.

Etter all denne behandlinga er da god avslappande massering. Kurten slappa av og nyt da mens Ragnhild og Linda diskutera om da ikkje hadde gjort seg med litt neglelakk behandling og. Før Kurten veit ordet av da, so er da bestemt at han skal pussast endå meir opp

Da er mange varianta å velge i mylja når da gjeld lakk, her er eit lite utvalg

Kurten fekk beskjed om at han hadde å velge i mylja to sorta lakk, Taj Mahal og Pattaya. Valgets kval var ikkje lett, so da enda opp med att han måtte prøve begge deler.

So er tærne snart klar til lakking. Da vart einigheit om at den største storetåa skulle lakkast, den som har vore spikt i tre dela ein gong i tidene.

Fyrst fekk Kurten eit lag med den raudaste lakken, so var da eit lag med den litt mørkare og meir glitrande lakken.

So må lakken tørke. Kurten sprike med tærne mens Ragnhild vifta med eit papir for å framskunde tørkeprosessen

So vart da bestemt att ei sliten nylakka heimesideskrivarstoretå måtte ha noko ekstra pynt. Ragnhild har mykje å velge i mylja når da gjeld slike greier.

Valget falt på ei "bunny", eller ei sokalla Playboy kanin. Den pynta skikkelig opp på storetåa til den mannlege heimesideskrivaren

Kurten tek eit overblikk øve den nypynta storetåa si, dei nyfjelga føtene sine og dei ikkje fullt so maskuline leggane sine. Han regna med at utsjåande på føtene ikkje medføre noko endring av legning, sjølv om Jan Tomas og kompisane hans sikkert ville fått opptil fleire romantiske følelsa om dei hadde sett dissa føtene