Nordsjøporthelga 2008. Marknad i Værøyhavna. Som vanleg; fint vèr.

Bulandet og Værlandet ynskjer

Velkommen til Nordsjøporthelga 02.07. - 04.07.2010 !!

No e da jammen snart Nordsjøporthelg-festival atte!! :) Vi gleda oss masse!!

For 7.år på rad feirar vi vegen og bruene mellom Værlandet og Bulandet. Dette er ei viktig og kjekk helg for oss i øyane, og vi håpar at fastbuande og tilreisande, både nye og gamle gjestar, kjem på besøk til oss denne helga :)

Litt info:

Billettar på marknaden i Værøyhavna laurdagen:

Nytt i år er at det vil koste litt pengar å komme inn på marknadsområdet, det vil sei ein billettpris på kr 20,- pr pers. Dette er vanleg andre stader, og som oftast til ein høgare pris. Det vert gjort mykje dugnad av bygdefolk denne helga, men det vert alltid ein del utgifter likevel. Pengane går til å dekke utgifter som grendalaga har i forbindelse med denne helga, bl.a. ekstra renovasjonsordning, marknadsføring og eventuelle underskot ved ekstraruter som Firda Billag set opp laurdag og sundag. Vi håpar folk syns det er greit å hjelpe til på denne måten.

I tillegg til å selge billettar på marknadsdagen, vil butikkane og Værlandet Båt selge desse billettarmbanda i førekant av denne Storhelga.

Sosialt samvære laurdags kveld:

Merk at det på laurdagskvelden vert pub med levande musikk på Værlandet Båt, dans ved Nikøy kai i Bulandet og dans i ungdomshuset på Værlandet. Sjå i programmet under for meir detaljar om dette.

Til info om stands og påmelding

Informasjon om transport (ferje, buss, drosje)