Nordsjøporthelga 2009:

Rolv Landøy framførte eit stev, som ein kan lese nederst på sida.

Åpning av ørnereirkamera fredag 3. juli 2009 klokka 14:00

Gjestane som skal være med på åpninga av ørnereiret har reist langt, og då må da god mat til.

Her sit prominente personar i rekke og rad. Frå venstre Tor Leite, Aud Kari Steinsland, Heidi Grande Røys og Frida Melvær. Bak står Wenche og Ida og er godt fornøgd med å ha fått slike viktige og kjekke gjesta på besøk.

På andre sida av bordet er da ei like stor forsamling av prominente gjesta. Fra venstre Geir Randby, Nils A. Sandal, Dag Leite, Gry Leite og Linda Landøy. Bak står Janne og er imponert øve både kallen og resten av gjengen.

Folk begynne å komme for å sjå på dinna ørnereirtildragelsen.

Da kom ikkje berre litt folk, da kom ein uhorvelig masse folk. Ein måtte stadig utvide lokalet.

Ungane i barnehagen venta spent på opning av ørnereirkamera. Framme frå venstre sit Sondre og Beate. Bak dei har vi frå venstre Anita, Ingvill, Asle og Nicolas. Marita sit midt i rua og passa på.

Her ser ein ørnekamerafjernsynet før avdukinga.

Slik ser ørnekamerafjernsynet ut når da er nesten avdekka. Heimesideskrivaren måtte berre bortom å smugkikke litt.

Gry skal halde tale og her kjempa ho med huskelappen sin. Ho let føre at ditta kom til å gå rett vest og vel so da, og ho oppfordra heimesideskrivaren til å finne ei spybytte so ho kunne tømme nervøsiteten sin oppi.

Ho Gry kan slappe heilt av når da gjeld behov for å lese huskelapp, da gjere alle, til og med Heidi Grande Røys.

Gry heldt velkomsttale som om ho aldri har gjort noko anna i heile sitt liv, ho er berre den fødde talar dinna jenta dar.

Gry var skikkeleg fornøgd med enkelte unge spreke kjekke kara som hadde hjelpt til med å få ørnekamera på plass. Dei fekk kvar si slipsnål, som ein kan sjå her. Til si forundring fekk heimesideskrivaren ei slipsnål og, difor vart da lite bilde av seansen. Heimesideskrivaren har stort sett berre skrytt av han skal være med å hjelpe til, men aldri vore heime når hjelpa trengdast.

Dei som fekk slipsnål var: Undertegna, Arin Kjempenes, Dag Leite, Tor Leite og kallen Rune Kalvøy. På bilde ser ein kor flott slipsnåla tek seg ut på eit slips. Heimesideskrivaren vart skikkeleg kry av dinna oppmerksomheita. Bakgrunnen på slipset må berre beklagast, da er eit bleikt heimesideskrivarbryst som ikkje har sett sol på ein månad.

Fornyingsminister Heidi Grande Røys heldt tale etter den imponerande innleiinga til Gry. Heidi heldt ei like imponerande tale. Ho takka drivkreftene bak "Informasjonssenteret for sjøfugl". Ho let spesielt vel øve Gry, Per Arne Tveit, Aud Kari Steinsland og vår eiga heimesideskriverske Linda Landøy. Ho var spesielt imponert øve Værlandet Båt, som ikkje berre sat å sutra og venta på penga til å bygge hus. Dei benytta tida til å lage invetar i huset i myljatida, no i form at ørnereirkamera. Heimesideskrivarane vil i tillegg skryte av innsatsen til Frida Melvær, som har komme med i drivkreftene no siste året.

Aud Kari Steinsland og Nils A. Sandal fekk æra av å avduke ørnekamera, og ørnungen kikka rett inn i kamera som om at han/ho viste at den mest prominente gjesten i dag var ørnungen sjølv.

Da var ein eigen filmmann med under heile seansen. Han heiter Geir Randby og jobba i "Lillehammer Film". Men ellers so filma han mykje for "Direktoratet for naturforvaltning" og er spesielt med i prosjektet "Naturarven som verdiskapar"

Så kom tida for å døype ørnene ved navn. Heidi Grande Røys stod for dåpssermonien. Tre ørner, mamma og pappa og ørnungen skal få navn.

Pappa-ørn får navnet Nils, etter Nils A. Sandal. Champangebrusflaska som markera dåpen , vert knust i dreiebenken på Værlandet Båt.

Neste dåpsflaske er på vei mot dreiebenken. Dinna gongen er da mamma-ørn som skal døypast, og ho heiter Aud. Sjølvsagt er ho oppkalt etter Aud Kari Steinsland.

So er Heidi klar til å sende avgårde siste dåpflaske. Dinna gongen er da ørnungen sjølv som skal få navn.

Ørnungen fekk navn Per Ørne, oppkalt etter ein av dei ihuga pådrivarane Per Arne Tveit.

Som ein kan sjå så er Per Ørne eit velvalgt navn. Nogenlunde truskyldig utsjåande, hårete øve da meste og med nebbet klart til hogg når da trengst.

Dag kikka bortøve dreiebenken etter dåpssermonien. Han ser litt mørkt på alt sølet, men da skal nok ordne seg til puben opna seinare på kvelden.

Så får Heidi, Aud Kari og Nils ei gave fra Gry. Da er ein ørnunge ( utstoppa), som skrik som ei ørn når ein knip på den. Da er i grunn merkelig kor eit ynkelig skrik da kan komme utav ein so majestetisk fugl, nesten same lyd som om nokon knip på den mannlege heimesideskrivaren.

Nils A. Sandal heldt tale, og var skikkeleg kry av å ha fått ei ørn oppkalt etter seg. Han let vel over initiativet som Gry hadde vist, og han var glad for at ho aldri hadde gitt opp, og da var alle vi andre og.

Aud Kari var skikkeleg kry av å få ørne-mamma oppkalt etter seg. Ho heldt ei knakande god avslutningstale.

Rolv Landøy avslutta seansen med eit stev, som han har laga for anledninga. Ikkje berre laga han flotte stev dinna fyren, men han framføre dei på ein måte som alle andre stevarar berre kan misunne.

Her kan ein lese stevet som Rolv Landøy framførte.

Ørnestev, direkteoverføring av bilete frå ørnereir. Juli-09.

 Tone: Nøringen, slåttestev.

 
Vi ser deg, vi ser deg,  men vi skal ikkje koma nær deg.

Vi ser deg, vi ser deg, men vi skal ikkje koma nær deg.

Instinktet ditt sa deg: Ta vengene fatt

for rovfugl og folk var som hund og som katt.

Så ingen fekk koma nær deg, ja nær deg, ja nær deg,

nei ingen fekk koma nær deg, du stolar 'kje på ka vi gjer med det.
 

Vi ser det, vi ser deg, beundrar deg kor du tér deg.

Vi stirer og glanar, og før med deg meir enn du anar.

Vi ser når du blunkar og rister på håret,

og pirkar i øyra og klør deg på låret.

Teknikk og naturens under, eit under, eit under.

Teknikk og naturens under, og dette må aldri gå sunder.

 

Du ser oss, du ser oss, og føl med på alt som skjer med oss.

Når Sørværet flyt med boss, då lurer du på kva som feilar oss.

Du ser når han Arve har lamb ut på myra.

Om Håvard i Halsøyna dreg nokre lyra.

Du skaffar deg lett kontrollen, kontrollen, kontrollen.

Du lika å ha kontrollen, og lagra det trygt inni knollen.

 

og vi gjev oss øve, vi trur at vi drøyme og søve.

vi må berre prøve å tenkje litt nytt, - lat oss øve.

Det er så historisk at ørna er hamna

på skjermen, på veggen, på Kroa i Hamna.

Men her kan vi alle sjå ho, ja sjå ho, ja sjå ho.

Ja her kan vi alle sjå ho, men pass på at ingen kan nå ho!

 

Og Gry måtte øva å lage seg vaffelrøre.

For kvar gong ho prøve, so svir da, eller renne øve!

Ho vert so forskipla og skjelven i ermen

når fuglen er festa i fokus på skjermen.

Då mysse ho heilt kontrollen, kontrollen, kontrollen,

då mysse ho heilt kontrollen, da floka seg te oppi knollen.

 

Rolv Landøy, Juli 2009