Heimesideskrivarane treng hjelp i frå publikum!
I samband med etableringa av vårt lokale meterologiske institutt, treng vi fleire dialektutrykk som har med vind og vær å gjere. Vi må ha ord for temperaturar, vindstyrke og nedbørstypar. Vi treng også meir generelle utrykk for værtypar.
Vi treng også utrykk for været på sjøen, ord som seier noko om bølgjehøgd o.l.
Utrykk vi allereie har:
| Stilt | Dammande stillje, svartestillje, da likka ikkje på ei tå |
| Gnadde | Kald austavind |
| Gandande nordaråk | Kald, sterk nordavind |
| Synnjaråk | Sterk synnavind |
| Nordaråk | Sterk nordavind |
| Orgjele | Helt stilt, fint vær |
| Ein liten kåle | Flau vind |
| Sorpande råk | Stiv kuling |
| Gnaldrekulde | Sterk kulde |
| Synnjaråk og stortevatn | Vind frå sør og store nedbørsmengder. |