Brutalt angrep på truskyldig Bulenning, tidleg morgonkvist 16. juni 2010.

Her ute i øyane våre er vi ikkje vande med tilfeldig vold og andre overgrep, i alle fall ikkje sidan tidsrommet 1940-1945.
Men her, som ellers, finnast da unntak.

Steinar Kjempenes var veldig kry i begynnelsen av juni, då vart han "pappa" til to måsungar, som hadde vorte klekka ut rett utanfor stauedøra hans.
Han la ut mat til dei og gjorde så godt han kunne for at dei skulle ha da bra, men da er som oftast frå dei nærmaste ein skal få dei hardaste slaga.

Tidlig om morningen den 16. juni skulle Steinar ta bussen til Værlandet, og ferje til Askvoll, for å ta ein liten legesjekk.
Han var nogenlunde frisk når han gjekk ut døra, men da varde berre i halvanna meter, før fekk han eit hardt slag i haue so blodet flaut.
Slaget viste seg å komme frå ein sjalu herremann, den egentlige pappaen til måsungane.

Heldigvis var Steinar på veg til legesjekk uansett, sjølv om mesteparten av legesjekktida gjekk med til å reparere haue hans.
Berre så da er nemdt , så ser da foreløpig ut som att han Steinar har komme frå tildragelsen utan varige mein.

Han Steinar fortalte i forbifarten kva han hadde vore utsett for, på butikken, seinare på dagen. Ditta overhørte den stadig nyheitsgravande
mannlege heimesideskrivaren, og han rykte ut til åstaden så snart han kunne.

Under her kan du sjå litt bilde frå ettermiddagen, same dag som den tilfeldige volden vart utført.

Du må klikke ein gong på bilda for å få dei større.


 

Eva, kona til Steinar, er litt skjeptisk til skumle fugla frå før, og ho har lært seg korleis ein skal beskytte seg. Heimesideskrivaren flira litt utav kosteskaft beskyttelsen hennars til å begynne med, men seinare opplevde han at ditta var skikkelig effektive saker.

Akkurat her var da at han Steinar blei angrepen på morgonkvisten. Angrepet kom som lyn frå klar himmel. Eva passa på at tildragelsen ikkje skal gjenta seg.

Heimesideskrivaren vart augevitne til nok eit voldelig angrep. Eva klarte å avverge da med kosteskaft metoden sin, mens Steinar sender da mest drepande blikk han kan oppdrive, mot angriparen.

Steinar har meir enn drepande blikk å sende avgårde. Vert da månge slike voldelige angrep utøve høsten, så er da enkelte som ligg tynt an. Berre so da er nemdt, så kom både folk og fugl uskada frå dinna reportasjen, so vidt da var.

Her ser ein litt av skaden Steinar fekk på mårakvisten. Steinar er ikkje den som har den tynnaste skallen, så her har da vore store krefter i sving..

Heimesideskrivaren våga seg litt bort på plenen til Steinar og Eva, for å ta bilde av opphavet til angrepet, måsungane. Han kom ikkje langt før ein av måseforeldrene sikta seg inn på haue hans. Kurten har lite oppå haue som kan dempe slike angrep, so han såg mørkt på tilværelsen mens måsen nærma seg. Men som ein god heimesidejournalist skal gjere, so konsentrete han seg om kamera og ikkje om haue.

Eva såg faren for eit opphakka heimesideskrivarhaue med ein gong, og avverga nok eit angrep med kosteskaft metoden sin. I tillegg til kosteskaft metoden, hadde ho endå ein metode på lur. Da gjekk ut på å utstøte nokre høgfrekvente lyda som gjekk gjønna marg og bein, både på fugl og folk. Ho er flink på metoda ho Eva.